Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opp her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Referat frå Rotarymøte 14. juni 2017.

President Steven ønska alle vel møtt og spesielt til vår utvekslingsstudent Daniel saman med representanter for dei 3 vertsfamiliene. Stor applaus. Steven nytta høvet til å takke dei hjertelig for vertsskapet.

Som vanleg nemnte han noko av det som har skjedd nettopp denne datoen opp igjennom historia:

1777: Den Amerikanske Kongressen vedtar Stars and Stripes som USA sitt flagg.

1816: Norges Bank blei grunnlagt.

1964: Nelson Mandela blir dømt til livsvarig fengsel.

2005: Sprinteren Asafa Powell setter ny verdensrekord på 100 m med 9.77.

14. juni er verda sin Blodgiverdag.

Som Rotarysong hadde trubadur Olav valgt ut ein rettelig hyllest til vårt distrikt. Songen heiter ganske enkelt «Nordvestlandet». Men før avsynging, opplyste Olav at Edvard Grieg blei født 15. juni, datoen etter vårt møte.

Sekretær Knut Henning var tilbake, og kunne opplyse at det er Olav Pileberg og Karl Ramstad sin tur til BUAS- besøk. Når det gjaldt oppmøte, opplyste han at det 31. mai var 21 frammøtte, ein frammøteprosent på 51 %.  7. juni var det 13 frammøte, og dette gav stusselige 37 % frammøte. Gospelkonsert i Kyrkja var nok ein del av årsaka.

3 minutt var ved Sindre Stuen: Han tok for seg nedbemanning på fergene, som kanskje blir aktuelt i samband med f.eks. innføring av Auto Pass. Dette vil gå ut over sikkerheta om bord. Han opplyste at  det er 5 mann/kvinner som bemanner fergene. Dette er ikkje meir enn ein treng, dersom ei ulykke skulle oppstå, eller det skulle skje eit havari. Ved mindre mannskap, vil det bli kritisk for redningsarbeidet. I følge adferdsteori han lærte under utdanning,  vil under eit havari, 10 % av passasjerene aktivt hjelpe andre. 20 % vil følge instrukser frå mannskapet. 30 % vil få panikk, medan dei siste 40 % har betalt for å komme over til bestemmelsesstedet. Då speler det mindre rolle om ferga havarer. Eit tankevekkende 3- minutt av Sindre.

Denne gangen hadde klubben spandert stor marsipankake til Rotarykaffi. Farlig god var den, og det er nok lett å ta inn for mykje, slik at ein blei veldig mett i etterkant.

Bilde over: Daniel liker marsjipankake. 


Så var det Daniel sin tur til å snakke om si tid her i Norge og Sykkylven. Han hadde i allefall ikkje tatt sjansen på å skulle fryse. På hovudet hadde han ei tjukk hue og med mønster av det norske flagg.

Bilde over: Daniel fortel og viser bilde frå sitt opphald her i Sykkylven. Legg merke til den flotte hua.


Dette foredraget skulle vere på norsk. Det greidde han utmerket. Trass alt har han vore her kun i 10 måneder. Vi kan tenke oss det ville vere utfordrende for oss å halde tilsvarende foredrag på portugisisk etter 10 måneder i Brasil.

Han viste bilder som var representative for opphaldet. Han begynte med å vise turbilder der han hadde tatt med Kvikklunsj og kunne drikke av vatn i naturen. Elles fortalte han at han likte godt brunost, så saman med Kvikklunsjen hadde han tydeligvis fått sansen for det typisk norske.

I tillegg til bilder frå ymse turer, viste han bilder frå Viking - museet og Frognerparken i Oslo. Han hadde stilt seg opp utenfor Slottet sammen med ein gardist.

Her i fylket viste han bilder  frå Akvariet i Ålesund og Trollstigen.

Noko som imponerte referent, var foto frå Strandafjellet, der han tydeligvis har ervera gode ferdigheter på snøbrett. Du skal sjå han blir Brasil svar på Terje Haakonsen.

Noko av det som Daniel har opplevd som typisk norsk er variabelt ver, reint og godt vatn, gå på tur og som nemnt brunost og Kvikklunsj.

Han retta til slutt stor takk til Sykkylven Rotaryklubb for opphaldet her i Sykkylven. Som ei gave overrakte han vimpler frå «sin» Rotaryklubb i Bela Horisonte i Brasil. Stor applaus.

President Steven nytta høvet å rette stor takk til Daniel. Videre nytta han høvet til å takke vertsfamiliene og vår egen Rotaryven, Olaf Ellingsen som har lagt ned eit kjempearbeid i høve utvekslingsstudenten. Velfortjent blomster til alle.

Bilde over: Daniel og president Steven utveksler flagg:

Bilde over: Gode venner, gitarkameratene Daniel og Olav.


Bilde over: Olaf Ellingsen som har gjort ein flott jobb i arbeidet med utvekslingsstudent saman med  Daniel.

Bilde over: Representanter for vertsfamiliene saman med Daniel: Frå ve. Sindre Stuen, fru Stuen, Sveinung Andal, Daniel og Kristin Grebstad.

27. juni reiser Daniel tilbake til heimlandet. Så vidt referent forstår, kan det vere sjanse til å overvære kanskje største hendinga i Norge i moderne tid, nemlig Brøvoll - festivalen.

Til slutt takka presidenten for frammøte, minte om at neste møte er ved Hundeidvik – Idrettspark.  Oppmøte på Aure kl. 18:30 for avreise. Så blei alle ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth  




 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS