Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå øte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.


Referat frå Rotarymøte 31. 05. 2017:

 President Steven ønska vel møtt og presenterte kvelden sin gjest og foredragshaldar, Kjell Løseth. Kjell sitt tema var «Identitetstjuveri og Viggo Johan Ørbak». Stor applaus!

 

Videre tok Steven for seg noko av det som har hendt denne datoen:

Pernille og Preben har namnedag. I 1911 blei «Titanic» sjøsatt. Clint Eastwood blei født i 1930. Norsk Solobservatorium blei opna i 1954. Norsk Bremuseum blei opna i Fjærland i 1991. I 2004, denne datoen, var siste dag før Røykelova blei satt i verk. 31. mai er FN sin antirøykedag. Anslagsvis 4 mill. menneske døyr kvart år pga. røyking. Denne datoen er også nasjonal MS- dag.

Trubadur  Olav hadde funne ein rettelig klassiker til kvelden sin song, nemleg Evert Taube sin «Himlajord». Med flott gitarspel til, gjekk sangen lett.

President Steven tok så ordet og fortalte at sidan sist har to markante medlemer i SRK gått bort: Bjarne Brekke som blei 91 år og Erling Lillevik som blei 83 år. Eit minutt stillhet for å minnes dei.

3 minutt var denne gangen ved Steinar Klokk: Dei fleste ville vel vente at han skulle sei eit eller anna om speiding, men denne gang ville han skryte litt av arbeidsplassen sin: Vikedalen Barnehage (20 tilsette). Dei blei i fjor, nominert som ein av ti bedrifter, frå kommunesystemet, til årets IA- bedrift. IA står for «Inkluderende Arbeidsliv». Denne prisen blei utdelt i Molde. Berre det å få ein slik nominasjon, er ei stor ære.  Steinar tok for seg noko av det han og dei tilsette legg vekt på for at dei ansatte skal trives.:

-         Å ha noko å gå til kvar dag.

-         Å vere ein samfunnsaktør.

-         Husk ar ein gjer ein viktig jobb for samfunnet ved å passe andre sine barn.

-         Sjå til at alle har det bra, og at arbeidsplassen er ein god stad å vere.

-         Ha ein god omgangstone.

-         Vere  oppmerksom på kvarandre (observere). Dersom ein blir merkam på at nokon strever, ta kontakt med vedkomande.

-         Kjem det besøkende, må dei bli tatt imot på ein god måte.

-         I det heile tatt at miljøet er så godt at ein gler seg til å gå på jobb.

Eit interessant og tankevekkende 3 minutt av Steinar.

Etter Rotarykaffi, var det Kjell sin tur: I kjent humoristisk tone fortalte han at identitetstjuveri kanskje er meir vanleg enn vi trur, og at det sannsynligvis blir enda meir vanlig i framtida. At det allereie er vanlig, viser at i Ringerike Fengsel, som er eit høgrisikofengsel, er Identitetstjuver og økonomiske brotsmenn nr 2 på rangstigen etter f.eks ranarar ala NOKAS. Nederst på rangstigen er dei som er dømde for seksuelle brotsverk.

Ein som sannsynligvis hadde gjort dei fleste Identitetstjuver til reine amatører, er ein mann ved namn Viggo Johan Ørbak. I 1963 fortalte Kjell at han jobba ved Hotel Geiranger. Ein dag fekk dei besøk av ein mann som presenterte seg som politi, med ei uniform i ein pakke og med ein politilegitimasjon som så heilt ekte ut. Han lurte på om han kunne få politijobb i Geiranger. Kjell henviste han til lensmannen, som fann han så tillitsvekkende at han fekk jobb på staden, og det utan løn. Det siste var sikkert populært for eit slunkent lensmannsbudsjett.

Lensmannsbetjenten alias Viggo Ørbak greide jobben sin heilt flott: Dirigerte trafikken profesjonelt, kunne Veitrafikklova på rams, ordna opp i bråk og slagsmål med stor autoritet. I det heile fungerte han svært godt i jobben. Kjell fortalte, at ein gong Viggo ordna opp i tumulter, blei han kalla korrupt og falsk av ein kar. Dette likte han dårleg, og tok vedkomande inn til avhøyr. Han uttalte at han ville forsøke å få vedkommende fengsla. Det var mao. tydelig at mannen hadde truffe eit ømt punkt hos Viggo.

Han åt middag kvar kveld på hotella, og kjøpte alltid ein av dei fineste sigarene. Kjell har ein mistanke i ettertid om at disse blei finansiert av tipskassa hans.

Tilslutt blei han avslørt. Sivilkledde politi frå Ålesund kom og arresterte han. Han blei stilt for retten, men så vidt referent forstår, blei det ikkje noko særlig streng dom.

Seinere, blei denne tildragelsen i Geiranger, omtalt som århundrets Køpenicade av avisene.

Men den som trudde at Viggo Ørbak ville gi seg med dette tok heilt feil. Så lista Kjell opp alle dei rollene han hadde forfalska seg inn i :

-         Major i Forsvaret.

-         Forstmester i Buskerud og Telemark

-         Inspektør på Holemkollbanen.

-         Prest i Gøteborg der han forretta 6 Gudstjenester. (mykje skryt for dette!!)   

-         Kirurg i Biafra.

-         Innsamling til Biafraofre i London.

-         Kanskje det største stuntet: Ein av 5 styrende generaler i Grenada.

-         Rhodesia: Chief Super Intendent i politiet her, altså ei topp stilling.

-         Danmark: Heilt toppstilling innen Odd Fellow - Losjen. Blei avslørt her i samband med utgivinga av ei jubileumsbok

Det som referent synes er heilt utrulig, er at han i alle desse rollene har fungert svært god. Dette tyder på at mannen må ha vore eit geni når det gjeld rollespel. Eller ein kan kanskje snakke om er, for i følge Kjell lever han fortsatt. Kjell har skreve brev til han, men ikkje fått svar.

Elles har Viggo ikkje fått noko lengre fengelsstraff for alle sine bravader. Korleis han elles kunne overleve økonomisk, er vanskeleg å sei. Angivelig hadde han ei bemidla mor som han kanskje kunne trekke, bokstavelig talt, veksler på.

Kjell trur kanskje at forklaringa på dei mange rolletjuveria er ein slags mani for å bere uniformer.

Kva kunne ein sånn mann dreve det til dersom han satsa seriøst på eit yrke? Det er vel vanskelig å sei, men referent trur kanskje at eit slikt liv ville bli for kjedelig for han.

Eit veldig artig og humoristisk foredrag av Kjell. Stor applaus og velfortjent konfekt.

Så takka presidenten for frammøte, minte om «Presidenten Sin Time» neste onsdag og ønska alle vel heim.

 

Referent Jarle Svindseth

 

 

 





 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS