På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Referat frå Rotarymøte hos Torunn Kjemphol ved Galleri 2 K 15.03.2017:

Denne gangen hadde rotarianarane i SRK tatt turen til Galleri 2K i Tusvika. Dette ligg svært idyllisk til ved sjøen. Torunn Kjemphol eig bygningene og det nemnte lokalet. Ho og  sonen Lars Tore bruker dette til kunstutstillinger. Dei 2 K,ene står for Kjemphol, mor og son.

Torunn innleia med å fortelle at ho kjem frå eit industristed som heiter Tyssedal. Her bur det 1000 innbyggere. Ho er utdanna sjukepleier. Då Torunn kom til Sunnmøre, fann ho sin framtidige ektemann, Lars. Dei har 2 barn saman, ei jente og ein gut.  Sonen Lars Tore er utøvende kunstner og bur i Oslo. Saman med ektemannen, Lars fekk ho ein stor eigedom ved Tusvik kai i «medgift». Her har det vore fergekai, butikk, post og gardsdrift sidan 1880- åra. Det var svigerfar til Torunn, som også heitte Lars, som var primus motor for drifta. Sonen, Lars var derimot ikkje så interessert i drifta, og i staden utdanna han seg til jurist.  

Då ektemann, Lars gjekk bort for nokre år sidan, tok Torunn over eigedom og bygninger. Det huset som utstillingslokala er i, blei oppgradert til dattera sitt bryllaup. Bl.a. hjalp rotarianer Ove til med nye vindu, og fleire andre rotarymedlemer tok del i dugnaden med bygget og lokala. Resultatet er blitt eit flott utstillingslokale for kunst. Men bruken begrenser seg ikkje berre til dette. Her er også filmklubb med 30 medlemmer, og ein malerklubb som har samling her 2 g. i månaden.

Etter denne innleiande presentasjonen, viste Torunn oss ein film som tantebarnet Andreas Sundby hadde laga med mor til Torunn i hovedrollen. Kortfilmen heiter «På besøk hos Alma Løyning». Den viste mor Alma i ulike aktiviteter: «Fikse velferdsteknikk ved å kontakte sakkyndige over telefon. Legebesøk og besøk på kafe». Referent må få lov å bemerke at Torunn ikkje er ulik mor si. Ein sjarmerende film om ein sjarmerende 90 – år gamal dame.

Torunn hadde baka ei aldeles fenomenal god kake som vi fekk forsyne oss av. Saman med kaffien smakte dette aldeles fortreffelig.

Torunn hadde også innleiingsvis lova oss ei utfordring. Ho åpenbarte at dette skulle bestå i at rotarianarane i SRK skulle yte sitt bidrag til eit maleri. Kvar og ein skulle yte kvar sin klatt med farger, og til saman skulle dette bli malerikunst frå Rotary. Alle som ville fekk prøve seg, men referent må innrømme at han sneik seg unna med fotografering som påskot.

Kunstverket blei slett ikkje verst til slutt. Om det blir antatt på haustutstillinga, kan vel ikkje referent garantere, men flott synes vi det var.

Til slutt tok president Steven ordet og takka hjertelig for at vi fikk komme på besøk. Referent synes vi hadde det veldig koselig og stemninga var lødig.    Stor takk til Torunn som hadde lagt til rette for det flotte besøket.

 




Referent Jarle Svindseth


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS