Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb 19.04.2017:

President Steven ønska alle vel møtt. Som vanlig i begynnelsen av rotarymøta, tok han for seg noko av det som har skjedd denne datoen: I 1681 var det ein storbrann i Trondheim. I 1971 blir den første romstasjon skutt opp; sovjetiske Saljut 1. Boreplattforma «Alexander Kielland» blir slept til Stavanger i 1980. Til sist minte han om at løperdronninga Grete Waitz døydde denne dagen i 2011, 56 år gamal.


Trubadur Olav hadde funne fram ei virkelig trivelig vise: «Fuglevise» av Torbjørn Egner. Flott vise til flott gitar - akkompagnement.

I sekretæren sitt fråver, opplyste presidenten at det var Odd Holen og Nils Arve Kjemphol sin tur til BUAS- besøk. Forrige rotarymøte var det 19 frammøte. Når ein tok hensyn til permisjoner og fritak frå møteplikt, gav det 51 % frammøte.

3- minutt var ved visepresident Bastian: Han tok for seg PETS- kurset igjen og opna med å spørre om kva bokstavene stod for. Tidligere president Olav var raskt frampå og svarte President Elected Training Seminar. Bastian ga han sjølsagt rett i det.

Så viste Bastian fram ei utmerking som klubben vår hadde fått ved omtalte PETS. Dette er ein vimpel som viser at vi er den klubben i Distrikt 2305 som gav mest til Rotaryfondet (TRF) i 2015/2016. Applaus! Videre kunne han fortelle at det faktisk er 3 sunnmørsklubber som topper denne statistikken. Det er noko uvanlig at «gnetne» sunnmøringer gir bort så mykje penger frivillig. Konklusjonen var at dette er på grunn av at ein kan trekke frå summen på skatten.


Han viste elles fram info-brosjyrer som Rotary har fått laga til og lurte på om han skulle bestille fleire slike.

Etter Bastian sitt innlegg, tok leier i Dugnadskomiteen, Geir ordet og minte om dugnaden i Kyrkjeparken neste onsdag. Etter samtale med Bårnes i kyrkja, meinte Geir at å klippe ned ein hekk måtte få høg prioritet. Elles  møte opp med plenty arbeidslyst og godt humør.

Før Rotarykaffi ga president Steven ei lita orientering frå Styremøte 29.03.

Etter kaffien, var det vårt nye medlem, Sindre Stuen sin tur å halde sitt Egoforedrag. Sindre blei tatt opp som nytt medlem under Guvenørbesøket på Stranda, hausten 2016, saman med Steinar Klokk. Så vidt referent veit, er Sindre vårt yngste medlem. Vi kom i kontakt med han i samband med utveksling av Rotarystudenter. Sonen til Sindre, Benjamin blei utvekslingsstudent til Brasil, medan Sindre og familie blei vertsfamilie for Daniel frå Brasil. På førehand fortalte Sindre at han ikkje visste så mykje om Rotary. Trudde at det var meir som ein «vinsmakerklubb». Heldigvis har han gjennom utveklingsprosessen fått eit anna syn.  Videre førte dette til at SRK var heldige å få Sindre som medlem. Og no var tida komen for det obligatoriske egoforedraget.

Sindre innleia med at han, i likhet med referent, har sine aner frå Ramstaddal. Mor Sølvi er frå Løseth og er født i 1953, altså eit år eldre enn referent. Far er Per Johan Stuen, som var son til Johannes Stuen og oppvaksen på Høgebøane,  ikkje langt unna der referent no bur. Sindre har to søsken: Vibeke gift Leira f. i 1972 og Julia Stuen f. 1981.

Diverre fekk far Per ein alvorlig nevrologisk sjukdom, ALS. Døydde av denne sjukdomen i 2014.

Videre fortalte Sindre at han har 5 born. Han har to guter med sin første kone. Dette er Benjamin, som no er utvekslingsstudent, og Kasper. Han har også ein gut med Henriette Tandstad. No gift er  Sindre gift med Mildrid Oterhals, og dei har to born saman, Noah og Sofie.

I barndomen budde Sindre både på Høgebøane, her i Sykkylven, i Spjelkavik og Ålesund. Flytta så tilbake til Sykkylven og begynte på ungdomsskulen her i alder av 13 år.

Sindre fortel at han alltid har følt ei dragning mot sjøen, og spesielt til mor sine store protester, begynte han etter ungdomsskulen som kadett på skuleskipet «Gann». 


Bilde: "Gann" til ve. og "Havbris" til hø.

Året på skuleskipet, følte han var veldig lærerikt, og at  livet på havet var som skapt for han. Etter dette året, fekk han hyre på ein tråler som heitte «Havbryn». Her var han i 2 år. Dette var eit hardt liv som Sindre forstod at han ikkje kunne bli gammal i uten å få fysiske skavanker.  Han begynte derfor på VK1 ved Ålesund Maritim. Begynte så som lærling i tankreierlaget Stolt-Nielsen. Under forutsetning av at Sindre vende tilbake til  reierlaget, fekk han stipend til styrmannsutdanning og skipperskule. Med dette bandt han seg for to ekstra år i reierlaget.

Neste jobb var som styrmann om bord på ein tankbåt som førte kjemikalier. Sindre fortalte om fleire opplevinger om bord på denne. Førte farlige kjemikalier som måtte ein måtte behandle forsiktig. Elles var livet om bord ikkje spesielt asketisk, så vidt referent forstod.


Bilde: Kjemikalietanker til ve. og offshorefartøy til hø.

 2001 begynte han som 1. styrmann på eit ankerhandteringsfartøy i Farstad Offshore. Jobba no 4 veker på og 4 veker av.

I 2007 var det ønska at Sindre burde tilbringe meir tid på land. Sa derfor opp jobben i Farstad og begynte i jobb som styrmann på ferje. Denne jobben karakteriserte han som «aktiv sjukmelding».  Jobben blei kortvarig, for hausten same året, begynte han igjen i Farstadrederiet.

2012 sendte han ein søknad til Uksnøy & Co, og i 2013 begynte han som såkalla QHSE – manager her. Så vidt referent forstår, er dette eit rederi som har seismikkskip og offshoreskip i sin flåte. Jobben til Sindre som QHRS- manger er å ta seg av HMS i rederiet.


Bilde: Logo til Uksnøy til ve. Illustrasjon av verneombud i midten og fartøy i Uksnøy til hø.

Referent fikk inntrykk av at Sindre i alle fall ikkje har levd eit kjedelig liv. Bl.a. våren 2014 var det i løpet av 3 veker både giftemål, barnedåp, konfirmasjon og gravferd.

I 2015 fekk Sindre sin første pappaperm i 14 veker. Noko han synes var veldig positivt.

I  2017 er, som vi veit tidene, usikker for offshorebransjen. Det er nok ikkje berre Sindre som er spent på kva framtida vil bli her.

Når det gjelder hobbyer nemnte Sindre dykking, skigåing, fjellturer og at han er glad i mat.

Eit spennende og interessant foredrag av vårt nye medlem. Referent sitt inntrykk er at han, trass sin relativt unge alder, har fått opplevd mykje både i sosiale sammenhenger til lands og i profesjonelle sammenhenger til sjøs.

Etter å ha takka for det spennende og flotte foredraget, minte president Steven om dugnaden neste veke og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth  



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS