Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober:

Referat frå Rotarymøte 18.10.2017:

President Bastian ønska vel møtt og fortalte at dette møtet blei annaleis organisert enn vanlig. Foredragshaldar Lisbeth Berit Gjerde ønska å halde foredrag i 45 minutt. Derfor blei 3 minutt avlyst.

Elles var Bastien kort om begivenheter denne datoen. Nevnte kun at de er Kjersti og Kjerstin som har namnedag.

I sekretær en sitt fråver, forkynte Bastian at det er Inge og Kai Otto sin tur til BUAS- besøk. Forrige møtet var det 20 frammøtte. Med permisjoner og møtefritak gav dette 50 % frammøte.

Men Rotarysong må vi ha. Trubadur Olav hadde funne fram ein song som passa godt for årstida, nemleg «Høsten». Melodien var også  i moll og haustmodus, og ikkje så lett å synge. Men med Olav sitt gitarspel og song, kom vi fint i gjennom songen.

Så var det Rotarykaffi med nokre kaker som hadde egenvekt i klasse med bly. Men gode og velsmakande var dei. Medan vi drakk kaffi, begynte Lisbeth på sitt bokstavelig talt livsviktige foredrag: «Hjerte- og lungeredning» som vi forkorter til HLR. Lisbeth ville vise oss korleis vi med gode teknikker kan redde liv.

Ho fortalte at alle kan gjere noko, det dummeste er å ikkje gjere noko. Dersom nokon fell om, må ein først sjekke om det er respons frå vedkommende. Dersom ikkje, er det viktig å lytte til pusten, ikkje begynne å kjenne etter pulsen. Dersom pusten ikkje er normal, men meir som ei surkling, må ein varsle 113, deretter starte hjertekompressjon. Ver obs på at det må vere frie luftveier. Bøye hodet litt bakover for å sikre dette.

Oppsummert: Sjekke – Varsle – Starte.

Hjertekompressjon kan vere ganske tungt. Det er ein fordel at pasienten ligg på golvet, slik at ein kan bruke vekta av kroppen. Stille seg heilt inntil pasienten – strake armer – knytte nevene og plassere dei midt på brystbeinet. Så starte kompressjoner ved å trykke med ein frekvens på ca. 100 pr. minutt. Ein må virkelig ta i, for brystbeinet skal trykkast 5 til 6 cm ned. Dette er sjølsagt tungt. Derfor er det ein opplagt fordel at ein kan bytte på med dette «arbeidet». God kvalitet er viktig for resultatet.

Bilderesultat for hjerte lunge redning

Ved munn mot munnmetoden er det 2 innblåsninger til brystkassa hever seg. Bruke 1 sekund. Mange trur at ein skal puste inn til brystet løfter seg voldsomt, men dette er både uhensiktsmessig og unødvendig.

Medan ein heldt på med HLR (hjerte-lungeredning), er 113 varsla, og dei kjem med hjertestarter. Dersom ein er heldig, finst det ein slik i nære omgivelser. Når ein skal bruke denne som ikkje-helsepersonell, er det viktig å følge råd frå hjertestarteren. Reint praktisk må ein barbere bort hår der ein skal feste elektrodene. På hø. side blir denne festa under kragebeinet. Den ve. blir plassert på ve. sida av brystet, i linje med aksillen, slik at strømmen går gjennom hjertet og ikkje overfladisk i huda.

Litt spesielt er det med babyer under 1 år. Der er det i utgangspunktet lite oksygen i blodet. Derfor fortel Lisbeth at ein skal begynne med 5 innblåsninger og 1 minutt HLR før ein varsler 113.

Kva så om pasienten er bevisstlaus, men puster normalt ? Då er det beste rådet å legge han i stabilt sideleie.

Bilderesultat for hjerte lunge redningBilderesultat for hjerte lunge redning

Noko, som referent synes er veldig nifst, er når det er fremmedlegeme i halsen som blokkerer luftrøret. Då er det forskjellige prosedyrer for barn (særleg barn under 1 år) og vaksne. Ved vaksne som ikkje kan prate: Slå 5 slag i ryggen mellom skulderblada. Deretter 5 kraftige trykk mellom navlen og brystbeinet. Sjekk så i munnen om det har kome opp noko i halsen. Dersom pasienten er ved bevissthet, gjenta prosedyren. Dersom bevisstløshet: starte HLR og varsle 113.

Ved barn er det litt annaleis: Barn eldre enn 1 år: Veksle mellom 5 raske støt mot ryggen og så 5  bukstøt. Større barn kan bøye seg framover.

Ved babyer under 1 år: Stabiliser barnet over knærne med hodet lavt. Stabiliser nakken. 5 raske støt mot ryggen. Snu deretter babyen og gi 5 raske brystkompressjoner.

For utfyllende illustrasjon blir det varmt anbefalt å sjå og lese Lisbeth sin presentasjon. Kor viktig  Hjerte – lungeredning er, viser artikkelen som Silje Pileberg har skrevet i A- magasinet. Ta deg tid til å lese denne!

Ein god del på overtid, takka president Bastian, Lisbeth for foredraget, og som ein gest, fekk ho overrakt to stykke ost. Dette såg det ut som Lisbeth satte stor pris på.

Så takka Presidenten for det livsviktige foredraget, minte om neste møte og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth


 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS