Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.


Referat frå Rotarymøte 25. oktober 2017:

Dette Rotarymøte var på ein måte litt spesielt. Då blei det for første gang avvikla eit Skype-møte. Vår utvekslingsstudent til Brasil, Benjamin Stuen har flytta til Stord for videreutdanning. Sjølsagt tungvint å reise heilt tilbake til Sykkylven for å vere med på Rotarymøte her. Då gjer ein noko som er blitt meir og meir vanlig når ein ikkje kan møte opp i egen høge person, nemlig bruke Skype.

Men først ønska president Bastian alle vel møtt og tok eit kort resyme av noko av det som er hendt denne dagen: Margreta, Merete og Mertha har navnedag.

Det er Kazakstan sin nasjonaldag.

1825: Josef Strauss d.y. blei født.

1881: Kunstneren Picasso blei født.

1929: Børskrakk på Wall Street som førte til ein langvarig verdensvid økonomisk depresjon.

Trubadur Olav hadde valgt ut «Din tanke er fri», ei 500 år gamal vise frå Tyskland. Men sjøl om visa er gammel, passer den godt til eit Rotaryøte. Sangen er lett å synge, og med Olav sitt sedvanlige gitarspel lydde det riktig flott.

Sekretær Knut Hennig var tilbake og kunne han forkynne eit heilt ras med bursdager kommende veke:

Øyvind Østvik blir 75 år. Per Ringdal blir 70 år(!). Oddbjørn Ramstad blir 76 år og junior i denne gruppa, Steven Blindheim blir 56 år. Gratulerer til alle!!

Ingjerd hadde sendt diplom til vår utvekslingsstudent Daniel. Sendinga tok 6 veker, så Ingjerd kunne like godt ha rodd over «Dammen» med sendinga. Men fram kom diplomet til slutt, og Daniel sende sms der han takka Klubben vår så mykje. Ingjerd las opp kva han hadde skreve på sitt sjarmerende norsk.

Vår eminente trubadur Olav P. hadde tatt av seg trubadurhatten og tatt på seg 3-minutt hatten. I år er det 500 år sidan Martin Luther slo opp sine 95 teser på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette skjedde 31. oktober, så vårt møte er det siste før Luther sine teser. Den omtalte begivenhet kan i følge historikere ikkje overvurderes. Det innleidde reformasjonen og brudd med Pavekirka i Roma. Det førte til at Bibelen blei oversatt, i første omgang til tysk. Dette hadde igjen stor betydning for utvikling av skriftspråk som tysk, og seinere andre språk som Bibelen blei oversatt til. Oppfinning av boktrykkerkunsten ved Gutenberg la sjølsagt grunnlaget for dette.

Men Luther sine teser fikk ikkje berre religiøs betydning, 30- års krigen 1618 – 1648 hadde ein del av sin bakgrunn  i reformasjon. Referent tek seg den frihet å nevne at på dagen i dag, 25. oktober, blei freden i Westfalen proklamert. Dette gjorde slutt på 30 år med ein katastrofal krig for Mellom-Europa, og særlig Tyskland.

Olav nevnte at Luther både skreiv salmer og fleire bøker, mest kjent er «Luthers Lille Katekisme» i 1529.

Luther gjekk ut av sin munkeorden og gifta seg med adelige Katherina von Bora. Dei fekk  i alt 6 barn.

Olav anbefalte boka «Munken som endret Europa», som han meinte er både opplysende og lettlest.

Tilslutt viste han ein 5 minutters YouTube-film laga av tysklandskorrespondent Arnt Stephansen.

Olav hadde lagt ned mykje arbeid i dette 3- minuttet, som både var lærerikt, opplysende og interessant.

Under Rotarykaffen, med sedvanlig gode kaker, gjorde pappa til Benjamin, Sindre alt klart til å ta i mot skypesendinga frå Stord. Og som ved den reineste magi dukka Benjamin, i egen høge person, opp på skjermen. Då kontakten var blitt etablert, blei bilde med Benjamin flytta opp i hø. hjørne og  ein PowerPoint presentasjon frå opphaldet i Brasil blei vist.

Benjamin fortalte at han gjekk på Grunnkurs i Elektro, då eit møte med Rotary, trigga hans utferdstrang. Det blei avgjort at Benjamin skulle reise til Brasil, og at vi skulle ta i mot Daniel derifrå. Dei to møttes faktisk i storbyen Bela Horizonte, der dei utveksla råd og erfaringer som kunne kome dei til nytte i dei nye landa.

Benjamin bodde med to familier. Den første var i ein mindre stad kalla Nova Lima, ca. 25 minutts busstur frå storbyen Bela Horizonte. Huset var i landlige omgivelser, tett innpå eit naturreservat. Det hørtes litt eksotisk ut når han kunne fortelle at det kunne komme apekatter heilt inn i hagen.

Det er mykje kriminalitet i området der huset ligg, derfor er dette overvåka. Klimaet er ca. 30 grader, og med høg luftfuktighet.

Skulen han gjekk på heitte Polen Escola Wardon, og er som ein slags Steinerskule. Det var mange prosjekter, og det blei arrangert mange turer. Dette let til å passe Benjamin bra som ikkje er så glad i å lese og pugge.

Så fekk Benjamin ny skule og ny familie. Den nye skulen var ganske liten og tilsvara nivå Vg 3 her i Norge. Skulen er privat, og så vidt referent forstår, er det skulepenger her. Elles let skuledagen til å vere behagelig. Begynte kl. 8 og varte fram til 12:30, då det var lunsj. Etter dette, forstod referent det slik, at Benjamin kunne fortsette skulen meir på frivillig basis.

Huset til den nye familien er eit moderne hus i eit område som også er bevokta. Berre 5 minutt frå huset, er det basseng og arenaer for forskjellige aktiviteter. Ytterligere 10 minutt unna, er det treningsenter som Benjamin benytta mykje.

Når det gjaldt fritidsaktiviteter, nevnte Benjamin opp språkkurs ein gong pr. veke. Dette var ganske teoretisk, og han synes han lærte meir ved naturmetoden når han snakka med andre. Videre fortalte han at han trente noko som heiter capoeira 3 g/veka. Dette er ei blanding av forsvarsteknikk og dans. Elles, som tidligere nevnt, trening på treningssenter. Når det gjaldt det sosiale, møtte han venner og reiste også på arrangement og festivaler.

I det heile tatt virka det som Benjamin hadde det ganske så sosialt. Han viste bilder, der han møtte andre utvekslingsstudenter frå bl.a. Belgia, USA, Taiwan, Danmark og Australia. Ofte kom dei sammen og spelte Point Ball og bowling. Dei møttes ofte på kjøpesenter og åt gjerne noko som kalles acai. Så  vidt referent forstår, er det ein slags smoothie av eit brasiliansk bær.

Referent har absolutt inntrykk av at Benjamin hadde trives i Brasil. Han hadde blitt kjent med andre kulturer og fått mange internasjonale impulser. Som ei lita oppsummering sa han at livet i Brasil gjekk frå å ha lite å gjere til å begynne med til å ha noko å gjere kvar dag.

Eit flott innslag av ein på alle måter flott utvekslingsstudent i god Rotaryånd.

Referent er overbevist om at dette skypemøte neppe er det siste.

Litt på overtid takka president Bastian for det flotte foredraget og minte om neste møte. Der vil visepresident Greta få sin ilddåp som programleier når Bastian er bortreist. Kjenner referent visepresidenten rett, er møtet i dei beste hender. Så minte han også om polioaksjonen på Fagrefjellet søndag og oppfordra så mange som råd til å møte opp. Til slutt blei vi alle ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth




 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS