Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Sykkylven Rotary Klubb, møte 15. mai 2019. Presidenten sin time. Banksalen kl 19. 

Skrivar: Olav Pileberg

President Greta Herje ønska vel møtt til Presidenten sin time den 15. mai 2019.

Namnedag har Hallvard og Halvor, med tyding frå norrønt: stein/ vaktar. Særleg interesserte kan prøve seg på denne nettsida: http://www.wikiwand.com/nn/Hallvard 
Månaden mai er eigentleg genitiv av det latinske gudenamnet Maius. Fest for Maius og gudinna Maia vart feira 1. mai. Uttrykket «å maie seg ut» tyder å pynte seg til vårfesten 1. mai. Denne dagen kunne ein også vente å høyre gauken. Så veit vi det, endå om skrivaren til denne dato ikkje har høyrt gauken i år! Gamle nordiske namn på mai er blomstermånad, såmånad eller gaukemånad. Hos Snorre heitte månaden skerkla, og varde til midten av juni. Ordtaket Mai kulde gjør bondens lader fulle, tyder at ein kald mai bremsar utviklinga av skadelege insekt. President Greta hadde også fått med seg at NRK P1+ i morgonsendinga orienterte om Sankt Hallvards dag, 15. mai. Etter som denne heilagmannen er skytshelgen for Oslo, fekk vi også soga om kvifor Hallvard vart kanonisert av Paven i Roma. Denne soga, og meir til, kan du gjerne lese om her:   http://www.katolsk.no/biografier/historisk/hallvard  

Fødselsdagar: Jazz-songaren Karin Krog, f. 1937. Altså 81 år.
1973: Bjørn og ulv freda i Noreg, og det er dei framleis. 1994: Norsk Flymuseum opna i Bodø av Kong Harald V. 2003: Kongsgarden på Bygdøy overført til Norsk Folkemuseum. Kongen fekk behalde hovudbygningen. 2003: Kongsberg Sølvverk vart freda. Vi lyt tru at freden er komen for å bli.
Etter denne solide innføringa i noko av alt det forvitnelege som har hendt på denne datoen, fekk vi avreagere med ei vakker vise: Menuett i mai, skriven og komponert av Vidar Sandbeck 1998. Olav P trakterte gitaren og rotarykameratane song med på beste vis. Nesten som eit bordvers, etter som kaffi og kake følgde på, til bate for lekam og sjel.  

Frammøteprosent førre møte var på 67 prosent.
Bursdag: I skrivande stund, 18. mai, fyller vår gode rotarykamerat Jan Hallvard F. heile --- år, etter som han er fødd i 1939. Ikkje til å tru! Hipp hurra!

Så var tida komen for 3-minutt, denne gongen ved Geir Løseth. Han hadde nyleg vore i New York i jobbsamanheng, men i tillegg til aksjer og økonomi var det også sett av tid til «tidtrøyte», som det så fint heiter. Musicalen «Hamilton» var sentral i så måte. Wikipedia skriv: An American Musical is a sung-and-rapped through musical about the life of American Founding Father Alexander Hamilton (fødd 1755), with music, lyrics and book by Lin-Manuel Miranda,[1][2] inspired by the 2004 biography Alexander Hamilton by historian Ron Chernow. Incorporating hip hop, R&B, pop, soul, traditional-style show tunes, and color-conscious casting of non-white actors as the Founding Fathers and other historical figures,[3][4][5] the musical achieved both critical acclaim and box office success.

«Hamilton» hadde tydeleg gjort inntrykk på Geir L., etter som han fortalde engasjert om … det som mange vil hevde er ein av dei beste musicalane nokon gong, med tilsvarande økonomisk resultat for skaparane. Høgt tempo, god musikk, flinke artistar og veldig god underhaldningsverdi, for både unge og eldre. Etter ei karriere som inneheldt det meste ein kan ønskje seg av statsmannsengasjement, dramatikk og intriger på høgt nivå, enda han livet sitt i 1804, i ein duell mot ein uvenn. Den amerikanske 10-dollar setelen har bilete av Hamilton.

President Greta gav etter alt dette ordet til innkommande president Petter Velle, som orienterte om klubb og komitéar for kommande Rotary-år. Dette er skrive i Word eller PDF-dokument som er sende til medlemmene i klubben, under tittelen  

 Vedtekne planer for rotaryåret 2019-2020.
Skrivaren oppmodar medlemmene om å orientere seg i desse dokumenta.


 Etter dette kunne Greta avslutte Presidenten sin time, og ønskje alle vel heim. 



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS