Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Referat frå Rotarymøte 29.11.2017:

President Bastian ønska alle vel møtt til Presidenten sin time 29. november. Det er også Årsmøte med valg av President Nominee og nytt Rotarystyre for 2018/2019.

Kvelden sin gjest var Roald Mork. Applaus til han.

Bastian nevnte noko av det som har skjedd denne datoen opp  gjennom historia:

Sofie og Sonja har navnedag.

I 1869 blei den norske maleren Harald Solberg født. Mest kjente maleri er «Vinternatt i Rondane».

I 1924 blei Raumabanen åpna.

I 1947 vedtok FN opprettelsen av  Israel og Palestina.

I 1969 blei den første tippekampen sendt på norsk TV.

I 1998: Fredsavtale mellom protestanter og katolikker i Nord-Irland.

Trubadur Olav var på konsert i Kyrkja. Han hadde sendt forslag til Rotarysang over sms: «Husker du den gang i måneskinn». Ein melodi som står bakerst i sanghefte vårt og som var veldig populær i TV-programmet «Husker du» med Odd Gryte og Ivar Ruste.

No var nok melodien ikkje heilt enkel å synge, så Olav sin sang, sitt gitar- og pianospel var nok savna.

I sekretæren sitt fråver, forkynte presidenten at vår kjære Rotaryven, Odd Holen fyller 70 år på fredag 1. desember. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer hjarteleg!

BUAS-besøk kommende veke er faktisk same Odd og Nils Arve.

Så var det 3 minutt ved Petter Velle: Han innleia med å fortelle at han no er dreng på Jogarden i Velledalen. Sonen har tatt over drifta. Deretter tok han oss tilbake til 2005, då 9 gardsbruk gjekk samen om å produsere og levere økologisk kjøtt for salg. Det siste var ikkje enkelt denne første tida. Det er heldigvis lettere no. Firmaet kalla dei for Tindemat.

I 2013 bygde Petter ny driftsbygning på garden, og fekk dermed ikkje tid til å engasjere seg i firmaet.  2015 blei det likevel ein ny start under navnet Tindemat - Jogarden. No er det berre to gardsbruk som er med. Det andre er Tindemat - Drotninghaug.

Så vidt referent forstår, er salg av varene ei utfordring, men Facebook og bestilling på nett er ei hjelp til dette. Salget går direkte til forbruker og ikkje til restautanter og butikker. Dei to Tindematfirma prøver å få til ei så effektiv levering av kjøttvarene som råd.

For å sikre god kvalitet på leveransene, nevnte Petter at dei alltid pakker same sort kjøtt i pakkene og ikkje som mange andre firma som blander «hummer og kanari» for å bli kvitt mest mulig av kjøttet.

Interessant og opplysende 3-minutt av Petter.

Etter Rotarykaffi, med sedvanlig gode kaker, var det visepresident Greta som overtok regien. Ho presenterte sin kandidat til visepresidentvervet 2018/2019 og dermed president i 2019/2010. Kandidaten var Petter Velle. Det gav vel ikkje rare odd å spå at Petter blei valgt med akklamasjon uten motkandidat.

Så presenterte ho det nye Rotarystyret. Dette var det heller ingen som hadde nokon kommenter til, og det blei valgt ved akklamasjon. Å kalle Styret nytt er vel ein tilsnikelse. Av forandringer så blir Bastian past president og leier i Medlemsskapskomiteen. Kristin blir leier i Programkomiteen og sjølsagt Greta sjøl som blir President i det komande Rotaryår. Bortsett frå dette, blir det samme velprøvde mannskapet.

Greta hadde gjort ein kjempejobb og satt opp medlemmer i dei ulike komiteer. Snakk om å jobbe seg frampå.

Etter valget informerte Bastian om Styremøtet i forkant: Ein ny PC var bestilt som foredragshaldarer kan disponere.

Det er etterlyst kandidat DG stillinga for 2020/2021. Har Klubben vår nokon kandidat? Elles er det sommerleir i utlandet og Ingjerd med fleire vil ta ein tur å informere om dette ved Videregående. Ho vil få med seg ein eller fleire til å assistere seg til dette.

Så må det nevnes at det Vinlotteri var avvikla og det kom inn 1850 kr.

Tilslutt minte President Bastian om neste møte med Ragnar Kaland som vil halde foredrag om arbeidsplassen sin: Laader Berg. Så gjenstod det berre for Bastian å takke for frammøte og ønske vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS