Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Referat frå det koselige julemøte 20. desember.

Referat frå Rotarymøte 20.12.2017:

Dette var Julemøte og siste Rotarymøte  i 2017. President Bastian ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sin gjest, rotaryveteran Hermann Haugen. Stor applaus.

Sjøl om dette var Julemøte, hadde ikkje Bastian gløymt litt av det som har hendt denne datoen:

Abraham og Amund har navnedag.

I 1854 blei det strekt telegraflinje mellom Oslo og Drammen.

I 1886 blei Christian Krog sitt maleri, «Albertine», beslaglagt fordi det skildra prostitusjon.


I 1924 fikk komponisten Christian Sinding bustad i «Grotten»

 I 1942 blei langrennsløper Odd Martinsen født.

 

I 1990 var det første frie valget i eit samla Tyskland.

 Så kunne sekretær Knut Henning forkynne at det er Geir og Hallstein sin tur til BUAS- besøk.

Sekretæren ville også utnevne Helge til nyttårsbursdagsbarn. Dette var nytt for Helge som fortalte at han har bursdag i november.

Frammøte forrige gang var 17. Med fritak og permisjoner, gav det beskjedne 45 % frammøte.

3- minutt var ved Hallstein. Han fortalte at året 2017 hadde vore eit stort musikk- og kulturår for han. Han hadde vore på konserter med Bryan Adams og Sting i Ålesund, og Roger Waters i New York. Men på ein måte, fortalte Hallstein,  er dette «å gå over bekken etter vatn». Han hadde også store opplevinger lokalt ved fleire konserter i Sykkylven med bl.a. Velledalskoret, Magne Fremmerlid og andre artister frå Sykkylven og områda kring oss. Hallstein meiner at dette er Skaperglede satt i system, og at det vil auke bolysta her i bygda vår. Han oppmoda alle om å delta på fleire lokale arrangement i året som kjem, noko referent vil ta til seg.


Jula, og tida før jul, er det tid for tradisjoner. Ved vårt julemøte er avspeling av Bach sitt Juleoratorium ein slik tradisjon.  Det er naturligvis trubadur Olav som administrerer avspelinga av musikkstykket, nærare bestemt Opningssekvensen: «Jauchzet, frohlocket». Det var Thomanerkoret i Leipzig som sang. Dette koret har historie heilt tilbake til Bach si tid. Bach sjøl leda faktisk  koret. Så vidt referent oppfatta det,  var det Leipzig Symfoniorkester som stod for trommer, pauker og trompeter i denne opningssekvensen. Vakkert var det og vakkert er det.

 

Vakker var også neste julesang: «Det lyser i stille grender» av Jakob Sande. Trubadur Olav spelte piano til.

 

Etter litt fram og tilbake, blei så bordverset sunge, og vi kunne hengi oss til bordet sine gleder. Visepresident Greta diska opp med det matbordet. Det heile blei toppa med tindeburgere som Petter hadde skaffa frå Tindemat Velle. Unødvendig å sei at det heile smakte heilt fortreffelig.

Hovedinnslaget var det, no, pastor Helge som stod for. Han «mjuka oss opp» med ein YouTube- video som viste ei lita jente som sang i barnekor med ei aldeles voldsom, kraftig stemme. Kor vakkert det var, kan vel diskuteres. Videre sangkarriere der forutsetter nok litt skolering.

 

Så tok Helge for seg julehøgtida. Vi vil gjerne komme i god stemning juleaften med Julegudstjeneste, julegaver, god, tradisjonsrik mat og forventningsfulle barn. Men Jesus sin fødsel var langt frå stemningsfull. Ei tenåringsmor føder eit lite barn, sannsynligvis i ei kald grotte. Barnet er født utenfor ekteskap i eit land som er okkupert av ei ytterst voldelig stormakt. At på det heile, står kong Herodes det lille barnet etter livet. Ifølge Matteusevangeliet, måtte den lille familien rømme til Egypt. Først etter Herodes sin død, flytter dei tilbake til Judea og Nasaret.

Helge fortel videre at når Jesus kjem inn i vår verden, er det den synlige verda som møter den usynlige. Dette har forfatteren CS Lewis illustrert godt i sine bøker om Narnia. Der går barna i serien gjennom eit klesskap og havner i ein annan verden som er like virkelig som den dei kom i frå.

Helge avslutta med at dersom det er slik som Bibelen fortel om Jesus,  er dette den viktigste hendinga i historia. Djupast sett feirer vi Jul fordi det Usynlige blir Synlig. Vi kan stemme i det unike: «Vi såg Gud» Referent tek seg den frihet å skrive at det alltid er interessant og lærerikt å høyre på Helge.

Etter kaffe og nybakte, gode eplekaker, sang vi, kanskje den mest kjente julesalmen av dei alle: «Deilig er Jorden».

President Bastian runda det heile av med å minne om neste møtet i 2018: Presidenten sin time med vinlotteri. Så ønska han, og så ønska vi kvarandre ei Riktig God Jul.

 

Referent

Jarle Svindseth


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS