Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Sykkylven Rotary Klubb, møte 16. januar 2019. Banksalen kl 19. 


Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotary Klubb den 16. januar og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano, frå Grense-Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige, til Sulitjelma og heilt til Lindesnes. 

President Greta  ønska vel møtt til møte den 16. januar, og eit ekstra velkommen til Terje Aurdal, føredragshaldar for kvelden. Applaus. Terje deler med oss den spektakulære ski-, sykkel-, og -kanoturen sin «Noreg på langs» 2018. Ingen fleire gjester i møtet, men det aller kjekkaste er å sjå våre eigne medlemmer med godt frammøte, sa Greta.

Namnedagen i dag har opphav frå norrønt «hjalmr» = hjelm, og namneleddet -ar, som til saman blir krigar/ forsvarar. Altså: Hjalmar og Hilmar har namnedag. Hjalmar Andersen – «Hjallis», kanskje den mest kjende. (Hjalmar Brunstad grunnla møbelfabrikk i Sykkylven, 1941) Hilmar Aleksandersen, spelemann og komponist, visstnok onkel til Åge Aleksandersen.

Dagen i dag: 1969 Sovjetunionen første samankopling av bemanna romfartøy. 2003, romferja Columbia frå USA skoten opp på sin 28. tur, men denne gongen med fatalt resultat: på veg attende til Jorda den 1. februar gjekk ferja i oppløysing over Texas, og heile mannskapet omkom.

Ord for dagen, Albert Einstein: «Jeg tenker aldri på framtiden, - den kommer tidsnok.»

Song for dagenFra mitt trange, mitt stengende bur, vil jeg ut i Guds frie natur… Olav føresongar peika på koplinga til friluftsmannen Terje Aurdal, vår gjest og føredragshaldar. Han treng tre kvarter (minst!), så difor blei 3-minutt sløyfa, og kaffipausen blir dregen inn i føredraget.

Opplysningar: Årsfesten blir fredag 5. april i Straumgjerde. Ekstra rimeleg/ subsidiert i år, på grunn av «oppsparte pengar» frå eiga servering på møta. «Sei frå til damene dykkar», var oppmodinga frå Greta. Ho informerte også om kommande sommarleirar for ungdom. Dette vil det bli meir om i februar, men alt no kan det komme på lista for prate-tema i heimen, og i lyd og lag. Sommarleirane er omtrent gratis og ei kjelde til inspirasjon og opplevingar for den/ dei ungdommane som får innfridd ønska sine!

Mat og kaffi: Dei delikate kanelsnurrane (bilete) vart baka i steinomn i hytta på fjellet. Rolf hadde dei nysteikte med til møtet, etter som Helga baka brød, og tenkte på Rotary i same slengen. Hjarteleg takk, Helga, frå tretti takksame rotarianarar! 


NB: Takk for at de, etter møtet, hugsar å setje koppar og fat på vår ny-innkjøpte serverings-tralle frå Clas Ohlson! 

Dermed var alt klart for fengande ord, bilete og videosnuttar frå 
friluftsmannen Terje Aurdal:

·        Noreg på langs 2018 – med deler av løypa gjennom Finland og Sverige, 12. mars – 28. juni. Ca. 4 månader. Rundt 290 norske mil til saman.

På ski og med pulk, ca 1100 km: Grense Jakobselv, Finland, Sverige, inn i Noreg ved Sulitjelma.
På sykkel, med sykkelvogn: Bodø – Tydal/ Røros. (Bil parkert på Røros)
I kano/ padling på elv og vatn, ca 140 km: 
Meir sykling:  Rena – Lindesnes.  I alt, alle etappar sykling, ca 1500 km.


Kartet viser opphaveleg plan/ reiserute, men etter som våren kom «altfor tidleg», måtte skituren brytast av ved Sulitjelma, slik at det kunne investerast i sykkel og sykkelvogn i Bodø. Deretter på E6 sørover. 
Grense-Jakobselv, ved havet, start 12. mars 2018. Grensa til Russland går midt etter den smale elva, med gule grensestolpar på norsk side, og raude og grøne på russisk side. 
Informasjon og formaningar frå dei norske grensesoldatane. (Sommar-bilete: Olav P)


Etter proviantering ved Storskog, viste det seg at pulken vart i minste laget, men med eit akebrett attåt, heldt det akkurat. Dagane gjekk. Vatn til å lage mat fekk Terje ved å smelte snø. Eit par liter kvar dag, heldt til det meste. Brensel til primus: parafin.  Dårlegaste veret under turen var i byrjinga, kanskje fordi han då var nærast havet. Då fall det 10 cm med snø kvart døgn. På ei veke blir det ein del… Løysinga vart å finne seg eit snøscooter-spor å gå langs. I Svanvik, ved inngangen til Pasvikdalen fann han at gapahuken som dei hadde tilrådd på sportsbutikken i Kirkenes, var brent ned. I staden fann han ei lita rastebu, der han både fekk lage mat og gå på toalett. Rein luksus! Ein skikkeleg matpause med lunsj kvar dag. Flesk og potetmos sto oftast på menyen. Sørover vida Pasvikdalen seg etter kvart ut, og landskapet vart flatare. Temperaturen var heller kjøleg: minus 28 grader. Terje fortalde heile tida under foredraget om artige episodar og detaljar frå strabasane sørover, men i referatet blir det nok ikkje plass til slike krydder!


Biletet her viser Treriksrøysa i Sør-Varanger og ei av grensegatene, der Noreg, Finland og Russland møtest. Det var forbode å gå rundt grensevarden, og såleis komme inn på russisk side. (Som vi veit, har vårt land også ei Treriksrøys i Troms, lenger mot vest, der vi møter Finland og Sverige. Hit fekk vi alle bli med på NRK TV  direkte sist sommar, då Lars Monsen tok oss med på vandring ut i naturen. Her er ikkje restriksjonane så strenge.)

Frå Treriksrøysa gjekk turen på ski gjennom Finland. Etter få kilometer møtte Terje ei finsk patrulje, som fortalde at litt lenger nede låg ei badstue. Her skulle det vere ved til fri bruk.  Reindrift og turisme er hovudnæringane på desse kantar. Tamreinane var høflege og gjekk or vegen for Terje! Terrenget var, og er flatt. «De tusen sjøers land» og skog, mil etter mil.

 

Dagsetappane varierte, etter ver og føre, frå 12-15 km og opp mot 40 km. Ved Ivalo, sør for Finland sin største innsjø Enare kryssa «turisten» elva Ivalojoki og E75. På bileta som Terje viste, var det så langt lite eller inkje ope vatn. Alt var dekka av is og snø. Framleis er vi på breiddegrad litt sør for Alta og omtrent 50 km vest for Russland grense. Påskeaftan den 31. mars såg leiren slik ut:


 

Framleis kunne «sukkersnø» vere vanskeleg å forsere med pulk, så spor etter snøscooter var gode å ha. Eigne kart for slike køyretøy var til sal i butikkane. Elles var det «spreidd busetnad» som galdt og langt mellom busetnadene. Terje gjekk på vanlege fjellski, utan feller. Temperaturen var framleis lav, ned mot minus 20. Ein og annan gapahuk gjorde livet og einskilde overnattingar enklare og meir komfortable. Frå Ivalo gjekk løypa via Sirkka (sirka 200 km) og vidare mot grensebyen Muonio (60 km). Her vart det investert i multe-likør. Området her har si eiga historie frå andre verdskrigen. Grense-elva Etuväylä blei passert og landet Suomi lagt bak. Sverige låg føre, og kursen vart sett mot Kiruna, ei strekning som Google meiner er 228 km.  Våren var i kjømda med mildare ver, så antrekket kunne justerast etter det. Torneälven viste vegen mot Kiruna. Ein snøscooter-køyrar lurte på om Terje hadde sett bjørn. Det var nemleg kome meldingar om at bjørnen var komen ut av hiet!  

Å ta «snarvegar» utanom snøscooterspora var ikkje lønsamt. Då måtte først etappen trakkast opp utan pulk, og så attende og hente pulken. Ikkje morosamt  eller lønsamt i det heile! Erfaringa freista ikkje til oppattaking. Livet vart elles litt enklare når det hist og her dukka opp ope vatn, så skiløparen slapp å smelte snø. No var det midten av april.  Psyken var det ingen ting i vegen med, men Terje fortalde at han var pratesjuk. Eit bilete viste påsmurde skiver som venta på å bli etne oppå sure sokkar til tørk. Ikkje farleg i det heile teke! I Kiruna heldt dei på å flytte deler av byen, bl.a. rådhuset og kyrkja, etter som det skal takast ut meir malm frå årer som går under. I denne byen vart Terje matforgifta, så han blei verande der i tre dagar for å komme seg til hektene att. Einaste forklaringa å vise til var noko kjøt han hadde kjøpt på ein butikk. Vidare mot fjellet Kebnekaise var det ca 70 km vestover. Her rådde turismen. Franske turistar kom inn med helikopter, vart flydd til vers, for så å renne på ski ned att. Enkelt og greitt, men neppe billeg!  

No var våren komen så langt at for å få gå på ski, måtte Terje halde ei høgare løype for å finne nok snø. Hovudretninga var framleis mot sørvest, i retning Sulitjelma, Noreg. Flatlandet var det slutt på for lenge sidan, og no var terrenget fjellendt og til dels bratt. Ein gong sende Terje pulken i førevegen, før han sette etter sjølv. Det gjekk bra. I villmarka dukka det også opp snøscooter-spor som kunne følgjast, og ein gong førte dei til ei lita hytte, der vertsfolket hadde budd i 30 sesongar. Her vart han boden inn både på middag og vin, og ei god natt med søvn. Tilfeldigvis møtte han på vegen vidare også to svenske karar som var ute på langtur med pulk. Det var dei einaste. Terje møtte dei att ved innsjøen og småbyen Ritsem. Då skulle dei ta buss vidare, og resten av provianten sin gav dei til Terje. Innsjøen er 10 km brei. Sjøen er regulert, slik at no med is var han tappa ned. Framleis kunne isen vere rundt halvmeteren tjukk, så kryssinga var trygg. Strekninga mot Noreg gjekk gjennom Padjelanta Nasjonalpark. Første mai klokka 05 tenkte Terje: No er Konradløpet i gang! (Også med O.P. referent som deltakar!


I Velledalen grålysning; i nasjonalparken var sola oppe.  Ein gong gjekk han feil i tre timar før han oppdaga det, og fekk erfare at fram og tilbake er dobbelt så langt. Grensa mot Noreg vart kryssa på eit langstrakt vatn, som på kartet heiter Vuolep Sårjåsjávrre. Her følgde han sti til DNT Sorjushytta, ved Bajep Sårjåsjávrre. Ei god overnatting, og så strake vegen til gruvestaden Sulitjelma. Siste tre kilometerane til buss-stoppet var det fritt for snø, men Terje kom fram laurdag klokka 15, og bussen gjekk klokka 15.30. Bra timing!

Frå Sulitjelma reiste han måndag ut til Bodø og kjøpte seg sykkel og sykkelvogn. Han hadde ikkje planlagt å sykle i det heile. Det var på grunn av «tidleg vår» at han måtte bryte av skituren lenger nord enn først planlagt. Skiene og skiskorne vart sende heim pr. post… NSB tek ikkje lenger reisegods. Så var det å venne seg til å sitje på eit sykkelsete: det gjekk ei veke før bakenden var komfortabel med det. Løypa var grei, og utan alternativ: E6 førte sørover! Minnesmerket frå krigens dagar med Blodvegen, Saltdalen, Saltfjellet, Polarsirkelsenteret, Korgenfjellet, Hattfjelldal…. Det mangla verken på motbakkar eller unnabakkar, men snittfarta på sykkel var nok betydeleg høgare enn på skituren. Frå Hattfjelldal gjekk turen på Villmarksvegen, langs dei to Fiplingvatna, til Majavatn ved E6, dit han kom ein laurdag på tidleg kveld. Etter litt leiting, fekk han slå opp teltet sitt på ein campingplass som ikkje hadde opna for sesongen. Søndag Nordlandsporten, og kryssing av grensa til Trøndelag.  På Harran i Grong kommune kom han over buffét på ein kafé, og då verten fekk nyss om reiseruta til kunden, var det fritt val på heile matbordet! Slett ingen dårleg service der i garden. Terje hadde elles letna 10 kg på turen, så litt dugeleg påfyll gjorde nok berre godt.

Neste overnatting var hos eit søskenbarn i Snåsa. Vidare via Steinkjer til Verdal og Stiklestad. Bror til Thorleif «Tollen» Blomberg, Jostein Blomberg, miste livet her under krigen. På minnebautaen ved Stiklestad kyrkje kan ein lese på koparplata:

Gunnar Oskar Ahlgren
Torolf Getz Wold
Jostein Blomberg
fall for landet sitt.
Mannen kan siga men merket det må
i Norig si jord som på Stiklestad stå.

Terje viste bilete og fortalde frå garden Gudmundset, der Jostein vart såra den 21. april og døde den 22., 1940. På biletet ser vi minnebautaen ved kyrkja. Soga er å finne m.a. i Verdalsboka.

(Bilete: Olav P)


 

 

Sykkelturen heldt fram forbi Selbu, 45 km til Tydal kommune. Her sto bilen parkert. No vart også sykkelen parkert, til fordel for kanopadling på Feragen, og vidare vassdraget sørover motstraums til Femunden. Kanoen måtte dragast forbi ei lita bru, via ei tømmerlense. 
Men omsider flaut kanoen på den store Femunden!

Bileta syner kanoen på stranda, og tilhøyrande lunsjpause.


 Ved Svukuriset/ Elgå feira Terje 65 års-dagen sin, og kosta på seg middag… dvs. at etter som turistsesongen ikkje var begynt, var det ingen middag å få. I staden vart det ein Krone-is til å feire dagen med! Garden Storbekken ligg også i desse traktene, der truleg musikaren Egil Storbekken på Tolga hadde namnet sitt frå. Ein tamrein-kalv verka vennleg, men ein hoggorm verka til at kanopadlaren valde seg ein annan stad til overnatting. Frå sørenden av Femunden gjekk ferda over Renåfjellet til Åkrestrømmen ved Storsjøen i Rendalen. Her er både vassveg og brukbar bilveg. Overnatting på Galten gård hos skiløparen Jo Eggen, bror til Gjermund Eggen. Så elvepadling, vestover til Åkrestrømmen. Ikkje berre berre, denne etappen. Men det gjekk bra, med litt taudraging langs deler av elva, som også kunne by på innslag av bever. Gjestmilde folk fann Terje langs Storsjøen også, og dei baud både på mat, konjakk og overnatting. Frå Rena stasjon gjekk ferda med tog tilbake til Røros for å hente bilen. Deretter var det å setje seg på sykkelen med vogna på slep, og begynne på «sjarmøtetappen» til Lindesnes. Kanskje noko slikt som rundt 60 - 70 mil. Tid vart det også til sjølvpålagd ekstra sykkeletappe  Rena - Lillehammer,- Birkebeineren. På Rjukan vart det stopp på Vemork kraftstasjon, mykje kjend frå Tungtvannsaksjonen som Joachim Rønneberg leia i 1943. 


Ein «kviledag» på Rjukan vart nytta til tur på Gaustatoppen. Skrivaren tippar at Terje ikkje brydde seg med å ta toget inne i fjellet til topps! Tokke kommune med Dalen kommunesenter kunne by på tur med kanalbåten Victoria halvvegs til Skien. Midtvegs i Telemarkskanalen møtte dei nordgåande båt, som han tok tilbake. Dermed fekk «turisten» vår også oppleve vakker, norsk natur i ein noko meir «laidback» posisjon enn sitjande på sykkelsetet. Frå Dalen gjekk turen langs veg 45 over  frå Telemark til Austagder og Flateland i Setesdal. Med crox sko/ sandalar på beina. Kvifor crox?... var det ein som spurde. – fordi eg hadde ikkje noko anna. Skiskorne var sende heim, så etter det laut croxane vise kva dei tålte. Men då eg kom til Lindesnes, var det hol på den høgre…  Siste natta før Lindesnes fann syklisten seg eit mål og slo opp teltet der, etter som han no meinte seg å vere så godt som i mål. Særs logisk tenkt.

For ikkje å bråstoppe altfor brått, tok Terje seg to dagar til og sykla opp til Kristiansand. Det verka ikkje som at all piffen var ute av kroppen… og han er alt i full sving med å planlegge sin neste tur, som då venteleg blir i ein alder av 66. «Når man blir seksogseksti, da kan man trå til for fullt…»

 

 

Tekst og 5 bilete: Olav P.

Det var ei godt fornøgd forsamling som følgde med på foredraget til Terje Aurdal, og gåva frå klubben vart overrekt av president Greta Herje til sterk applaus!

Tusen takk til Terje!


 



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS