Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sykkylven Rotary Klubb 2018-01-03, Møte i Sparebanksalen kl. 19. Presidentens time.

Tekstboks: 1  J. R. R. TolkienPresident Bastian ønska velkommen og leia møtet. Til innleiing fekk underteikna skrivar spørsmålet… «Veit du Olav kva som skjedde på denne dagen i 1521?» Febrilsk fundering om Luther sitt liv, men nei. Presidenten derimot, han kunne opplyse oss alle om at dette var dagen då salig Martin Luther vart lyst i bann: «3. januar 1521 utstedte paven den definitive bannbullen mot Luther. Den innebar at Luther var utstøtt av kirken, og også at det var forbudt å distribuere og eie hans skrifter.» (Wikip.) Ei stygg sak! Men Presidenten orienterte også om andre saker på datoen 3. januar: 1892 – J.R. R. Tolkien fødd. Forfattar av Ringenes Herre. 1925 – Mussolini erklærer seg som diktator i Italia. 1959 – Alaska blir stat nr 49 i USA. For dei som vil vite meir, kan dei til dømes prøve denne linken: http://www.dagsdato.no/index0.html

På første møte i 2018 fell det naturleg å følgje opp tradisjonen vår med å syngje den gamle Auld Lang Syne, i norsk språkdrakt av Hartvig Kiran. Med den nynorske teksten Skal gamal venskap kverva bort… ble den brukt av «Syng med oss»-koret som innledning til korets faste sangtime i NRK – Fjernsynet. (Etter Wikipedia)

Melodien er en skotsk ballade og teksten av Robert Burns. Auld Lang Syne regnes som Skottlands nasjonalhymne. Det er en fast sedvane i Storbritannia og blant briter at sangen synges hver nyttåraften ved inngangen til det nye år.

Etter entusiastisk song og med stor stemmeprakt, refererte Bastian statistikk frå Knut-Henning, der frammøtet forrige gong var på 66 %. Vidare at Bjørg Dyrkorn Velle fyller 60 år den 5. januar. Gratulererer! Steinar Nordmo og Arvid Nordstrand står for tur til besøk på BUAS.

Geir Brekke heldt så 3 Minutt på omtrent «strak arm», etter å ha blitt utfordra av Presidenten, grunna eit forfall. Geir tala vel og bra i 4:49 minutt om ei retteleg utfordring for mange av dagens noko tilårskomne norske kvinner og menn. Påstand/ tese: Halvparten av Generasjonen 70+ vil miste ein god del funksjonar og kontakt  med samfunnet rundt seg, på grunn av manglande data-dugleik. Krav til passord, pinkodar og «alle verdens innfallsportar» blir for massivt å handtere for slike som ikkje har brukt data og følgt med i data-alderen. Eit besøk på NAV-kontoret blir erstatta av vising til NAV si nettside, innlogging og vidare prosedyrar som fell vanskeleg for mange. Er dette prisen vi må betale for «å komme vidare» med oppbygginga av samfunnet vårt? Utviklinga stoppar ikkje opp. Tvert om – ho eskalerer! Den som er ukunnig på data, lyt betale prisen. Applaus!
Rotary kaffi og kake sto som neste post, saman med obligatorisk vinlotteri, til inntekt for bl.a. Prosjekt Filippinane. Vinnarane frå Velledalen og Fauskebygda sørga for god geografisk spreiing på dei to flaskene!
Kveldens foredrag handla om Distriktskonferansen D2305, 22.-24. september 2017: «Mot en betre verden…?» President Bastian Weiberg-Aurdal og innkommande president Greta Herje møtte frå Sykkylven Rotary Klubb. Vi les på D2305 si nettside:
Link 1: http://d2305.rotary.no/no/distriktskonferansen#.WkyOm9_iZPY (To linkar tekne inn etter ønske frå Bastian)

«Distriktskonferansen ble gjennomført på Scandic hotell i Øyer 21. - 23. september. Omlag 170 engasjerte Rotarymedlemmer deltok og dyktige foredragsholdere sørget for stort engasjement. Distriktskonferansen er en arena for faglig påfyll og inspirasjon - der også vennskap og sosial omgang med "Rotaryfamilien" er i fokus.»
Du vil finne meir referat og bilete under denne linken!

Oddbjørn Øien, Sula RK, har framleis eit godt grep på trompeten! (foto: John Stennes)

Link 2: http://d2305.rotary.no/no/bilder-og-presentasjoner#.WkyPSt_iZPY viser til

PRESENTASJONER

Rotaryåret 2017-18  Medlemsutvikling   Club Central  Mama Clara  NORFO  Prosjektutvikling

Ungdomsutveksling Sommerleir for ungdom TRF 
T
iltredelsestalen til verdenspresidenten 2017-18 Ian Riseley. (Her er 8 linkar for meir informasjon. Vi lever som kjent i informasjons-samfunnet!

Bastian refererte frå DistriktsKonferansen, med støtte i PowerPoint presentasjon på 12 bilete. Foredrags-haldarar var Hovedforedrag: Dialog og fredsarbeid i ei konfliktenes tid. Alfredo Zamudio, Karin Endsjø: «Poliotrusselen er bare en flyreise unna», Tor Steinar Rafoss: har saman med sin kone Ellinor, tilbrakt halve året i Asembo i Kenya siden 2008. Saman med lokale ressurspersoner ble Dala Rieko CBO etablert, det betyr ”Hjemmet der kunnskap bygges”. For å sikre trygge vann og sanitær-forhold, ble Global Grant prosjektet Dala Rieko Water & Sanitation startet i 2015/16, samt Dala Rieko WASH in Schools 2017/18.

Så langt referat frå Bastian sitt referat… Med litt leiting under Link 1 og Link 2 vil du finne bilete og referat frå DK. Også Årsmelding, pluss RI President John F. Germ si oppfordring til klubbane:

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bastian lufta også tanken om samarbeid med andre… både rotaryklubbar og andre lokale, ideelle klubbar og/ eller lag, med tanke på felles mål. Kva med å invitere Karin Endsjø til Sykkylven?

Så langt referat frå møtet. Stor takk til deg som har greidd å komme deg heilt ned hit!

 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS