Rotarymøte 17. januar 2018

Les referat frå møtet med Magne Skudal der han heldt foredrag om kva type bil ein bør velge i framtida: Elektriske biler, hybrid eller bensin/diesel.


Referat frå Rotarymøte 17.01.2018:

President Bastian var tilbake i sitt embete, og ønska alle vel møtt til dette møtet 17. januar. Spesielt ønska han vel møtt til gjestene Roald Bjørn Mork og kvelden sin foredragshaldar Magne Skudal. Innleiingsvis nevnte Bastian noko av det som har skjedd denne datoen opp gjennom tida:

Han innleia med at vi no har fått ny regjering. Kanskje blir dette noko som blir nevnt ved seinere Rotarymøte. Men så nokre år tilbake i tida:

1647: Postverket blei oppretta.


1702: Oppfinneren av bl.a. lynavlederen, Benjamin Franklin født.


1899: Ein ikkje fullt så samfunnnyttig person, Al Capone født.


1917: Dansk Vestindia kjøpt av USA og fikk navnet Virgin Island.

1946: Det første møtet i FN sitt Sikkerhetsråd blei avholdt.

1991: Kong Olav 5 døde.



 Trubadur Olav hadde funne fram ei virkelig «sviske»: «Gåsa, katten og hanen» av Jakob Sande. Det var tydelig at dette var ei vise som forsamlinga hadde sunge før, og med Olav sitt flotte gitarspel, lydde det riktig flott.

 

I sekretæren sitt fråver, forkynte president Bastian at det er Oddbjørn R. og Asbjørn R. sin tur til BUAS-besøk. Når det gjeld bursdager, så fyller Arvid N. 66 år 21. og Olav P. 75 år den 22. januar. Frammøtet sist var 26. Rekna med permisjoner og fritak for møteplikt gav dette habile 65 %.


3-minutt denne gang var ved Steinar Nordmo. Han fortalte at om 14 dager er det ei stor hending. Då vil det bli gratis å køyre over Sykkylvsbrua. Steinar tok for seg ei lita historisk gjennomgang av brubygginga. Ideen oppstod på 1980- talet, og det var Jan Fredriksen som var idemakeren. Steinar meinte at hadde det ikkje vore for vår rotaryven Jan, hadde det neppe vore noko bru i dag. Første alvorlige framstøt for å få brua ut frå idestadiet, kom i 1990, men dette var mislykka. Men ein gav ikkje opp. Brufinans blei stifta som det einaste private bompengeselskapet i landet. Dessuten gjekk Ekornes Fabrikker og Sykkylven Kommune inn som aksjonærer. «Folk flest» kunne også tegne seg for aksjer. Til slutt var finansieringa i orden og brua kunne planlegges og bygges. I oktober 2000 stod den ferdig. No er det gått 17 og eit ½ år med bompenger og ein kan snart køyre gratis. Steinar nevnte at i tillegg til vår rotaryven Jan, var både Einar og Jens Ekornes svært sentrale i å få realisert brua. Steinar fortalte at han har vore styreformann i disse åra. Stort sett har det vore ei positiv oppleving, sjøl om enkelte har ytra seg kritisk på sosiale media. Tilslutt nevnte han at vår rotaryven og ordfører Odd Jostein, kom med forslag om at kommunen skulle avstå frå priskompensasjon. Dei andre aksjonærene gjekk med på dette. Dermed kunne brupassasje bli gratis 7 – 8 måneder tidligere enn planlagt. 31. januar blir markert med kafe, kaker og fyrverkeri. Mange i rotaryklubben kan sikkert tenke seg å delta på dette.

Neste 3 minutt blir ved visepresident Greta.

Så var det Rotarykaffi og som vanlig gode kaker.

Til dagens møte var det ualminnelig godt frammøte. Kanskje var forklaringa kvelden sitt hovedtema: «Bil: Kva skal ein velge:? Elektrisk, hybrid, gass, diesel eller bensin ?» Det var sekretær i Sunnmøre Bilbransjeforening, Magne Skudal som var foredragshaldar om dette, for oss gutta, interessante tema.    


    Han innleia med å fortelle at han er oppvaksen i ein bilfamilie, og har teknisk utdanning bl.a. frå Charlmers tekniska høgskola i Gøteborg. I politikken har han vore medlem i Ålesund Bystyre og var også medlem i Fylkestinget. Så vidt referent forstår, var han medlem i Samferdselsutvalget. No er han sekretær i Sunnmøre Bilbransjeforening.  Han fortel at han jevnlig har møte med representanter frå bilforretningene i Ålesundsområdet. I alle fall skulle det ikkje vere noko i vegen med kvalifikasjonene til å uttale seg om kveldens tema.

Magne innleia med å fortelle at 21 % av bilparken i Norge er elbiler. Til referent sin overraskelse, kunne han fortelle at i Europa er det kun 1 % av bilparken som består av El-biler. Årsaka til dette er at når det gjeld ladning av bilene, har vi i Norge tilgang på rein og billig energi. I Europa er denne dyr, og gjerne produsert av forurensende kolkraftverk.

Kva styrer så bilvalget i framtida ? Magne gjorde oss oppmerksom på at ein bruker  bil heilt annaleis i Oslo enn i Finnmark. Så vidt referent tolka Magne, meinte han Stortinget har ein tendens til å styre etter forhold og behov i Oslogryta. Ein El-bil kan vere praktisk i Oslo, men i distriktet i Norge, for ikkje å snakke om i resten av Europa, kan dette vere meir upraktisk.

Magne nevnte også at Stortinget sin avgiftspolitikk som har hatt ein tendens til å vere uforutsigbar. Sjølsagt til stor frustrasjon for både bilbransjen og bilistene.

Eit moment som Magne nevnte er livsløpet til ein bil. Han meinte at dersom ein tek med produksjonen av bilbatteria og destruksjonen av disse, i tillegg til den straumen som trengs for å ladde dei, så forurenser dei like mykje som bensin- og dieselbiler. Angående skroting av desse 400 volt batteria, er ikkje dette heilt uproblematisk. Dette krever ein stor grad av sikkerhet og ressurser. Ofte må dei returneres tilbake til fabrikken.

Kven er så største miljøsynderen globalt sett ? 15 til 16 av dei største containerskipa i verda forurenser like mykje som heile jorda sin bilpark. Logikken skulle tilsei at det vil vere mykje å hente ved å skaffe reinere energi til disse skipa.

Foredragsholder nevnte også biodiesel. Dette er heller ikkje uten problem. Produksjonen er dyr, og dersom fullverdig mat og dyrefor går med til dette, er det etisk problematisk. Dagens bilmotorer kan ikkje benytte dette drivstoffet og må bygges om.

Noko som har vore mykje i vinden, men som det til no ikkje er blitt så mykje av, er hydrogen som drivstoff. Elon Musk, som står bak produksjonen av Tesla, seier tvert nei til dette drivstoffet. Han trur at framtida vil bringe reinere produksjon av batteri og dermed vil hydrogen bli overflødig. Eit anna moment er vel at herr Musk blir litt som bukken og havresekken i dette tilfelle.


Sjølkøyrende biler kjem, etter Magne si meining, til å komme for fullt om nokre år.   Forsikringsselskap har rekna ut at det vil bli ein nedgang med 50 % av skadene når elektronikken tek over for sjåføren. Elles vil det bli meir delingsøkonomi i framtida enn i dag. Altså fleire familier kan gå sammen om å eigen ein bil i staden for, som i dag, at det er eit menneske og ein bil.

Magne avslutta med at pr. 31.12.17,  er 52 % av bilsalget biler med miljømotor, altså El., ladbar hybrid eller hybrid. Naturlig nok blir 48 % bensin eller diesel.

På landsbasis auka salg av miljømotorer med 33 %. På Sunnmøre med 35 %. Bensin/dieselbiler gjekk ned med 18 %.

Magne såg for seg to senarioer i framtida. Det eine at El - bil utgjer mesteparten av bilparken, medan det andre er at det er ca. 50 % fordeling mellom El og biler på tradisjonelt drivstoff.

Konklusjonen til Magne er at mykje er usikkert i framtida. Det er mange uoversiktlige konsekevenser og mange uforutsigbare konsekvenser.

Foredraget blei runda av med å vise ein filmsnutt der det blei harselert over ein flott Mercedes som  var proppfull av Duracellbatteri. Litt upraktisk for å sei det mildt.

Etter fleire spørsmål, takka presidenten Magne, og overrakte han ein innpakka brunost som ein gest. Til dette takka foredragsholderen, og fortalte at han ikkje reiser til Syden uten å ta med seg nettopp brunost.

Så blei det bestemt at møtet vårt 31. januar blir framskynda ein halvtime, slik at dei som vil, kan ta del i feiringa av at Sykkylvsbrua blir gratis å passere. Deretter takka presidenten alle for frammøte og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 

 

 

 



 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS