Rotarymøte 14. mars med våre to RYLA- deltakere

Les referat frå møte 14. mars med m.a. dei to RYLA- deltakerne Andres Skjortnes Bøe og Solveig Gaundal.


Referat frå Rotarymøte 14.03.2018:

President Bastian ønska vel møtt til dette Rotarymøte 14. mars. Spesielt vel møtt til våre to gjester Solveig Gaundal og Andreas Skjortnes Bøe. Dette var våre to deltakere til fjorårets RYLA.

Tradisjonen tru tok presidenten fram noko av det som har skjedd denne datoen opp i gjennom historia:

1804: Komponisten av Radetzky - marsjen, Johan Strauss d.e. født.

1879: Albert Einstein født. Fikk Nobelprisen i fysikk i 1921 for relativitetsteorien.

1895: Hjalmar Johansen og Fridtjof Nansen forlot skuta «Fram» og ga seg i veg mot Nordpolen. Denne var dei imidlertid ikkje i stand til å nå.

1993: Eit apropos til vinterens skihoppsesong: Espen Bredesen vann Holmenkollhopprennet dette året.

Trubadur Olav synes at «Mot i brystet, vett i pannen» var ein fin Rotarysong til dagens RYLA-deltakere. Det var tydelig at denne sangen hadde vi sunge før. Den lydde både sterkt og friskt.

Sekretær Knut Henning kunne berette at ved forrige møte var det 27 som møtte. Det gav habile 69 % frammøte. Når det gjaldt bursdager, så fyller Karl Ramstad 75 år i dag, 14.mars. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer J. Bjørg Welle og Petter Velle står for tur til BUAS- besøk.

3- minutt var ved Almar Kylling. Han kalte innslaget sitt «Betraktninger om ein bit av livet». Almar kjem frå yrke i næringslivet. Der var/er forretningsutvikling (Buisness - Development) sentralt. Det er viktig med prosjektplanlegging der ein setter seg mål og delmål. Denne erfaringa skulle Almar få bruk for seinere. I 2010 fikk han ei alvorlig hjerneblødning. Det blei 6 måneders sykehus- og rehabiliteringsopphold. Det var ein krevende og lærerik periode, der han fikk nytte av erfaringa med prosjektplanlegging. Og no var det ikkje penger som var prosjektet, men sitt eige liv. Almar fikk sette seg mål og delmål på samme måte som i næringslivet. Etter kvart som rehabiliteringa heldt fram, evaluerte  han framgangen eller graden av framgang. Almar måtte bokstavelig talt lære seg å gå på nytt og ete med kniv og gaffel på nytt. Det blei mykje prøving og feiling. Til slutt blei resultatet veldig bra. Almar fungerer fint, og så vidt referent forstår, har han god livskvalitet. Mestring og motivasjon har i denne prosessen vore veldig viktig. Oppsummeringa til Almar var: «Det er lov å vere oppgitt, men ikkje gi opp». Eit gripende og lærerikt foredrag av Almar.  

Etter Rotarykaffe og sedvanlig gode kaker, var det dei to Ryla-deltakerne sin tur til foredrag. Solveig Gaundal er 25 år gammel og jobber ved Ekornes Fabrikker her i Sykkylven. Ho er såkalla CSR- manager. Ho har mastergrad i Energi Management. Andreas Skjortnes Bøe er 29 år. Er gift og har eit barn. Han har fagbrev som automatiker og jobber ved Vedlikeholdsavdelinga ved Ekornes Vestlandske. Disse to deltok ved RYLA – arrangement  i Ulsteinvik 9 -11 nov. 2017.

Dei fortalte at dei innleiingsvis tok ein personlighetstest. Kursholderne hadde klart resulatet av denne då kurset starta. Dette er ein typologitest som går ut på å plassere dei ulike personlighetstypene langs 4 akser: Energidimensjon der aksen er extrovert – introvert. Opplevelsedimensjon med sansing – intuisjon. Avgjørelsedimensjon med tenking – følelse. Og til slutt Livsstildimensjon med aksen avgjørelse – opplevelse. Overraskende nok hadde Andreas i Energidimensjonen blitt plassert mot introvert. Det er i alle fall ikkje referent sitt førsteinntrykk.

Programmet var tettpakka og begynte torsdag under leiing av Rolf Klock med to andre medhjelpere. Denne dagen var ein «bli – kjent» dag. Dei 25 deltakerne blei satt sammen i grupper på 5 og fikk, ved hjelp av ulikt utstyr, i oppgave å lage til ein slags katapult som skulle skyte eit egg så langt som mulig. Så vidt refent forstår, var dei ulike gruppen satt saman etter kva typologi dei hadde. På denne måten skulle dei utfylle kvarandre. Det blei vist ein liten videosnutt, og resultatet av den utskytninga representerte ingen fare for omgivelsene.

Fredag var det meir om typologi, i tillegg til bedriftsbesøk til Kleven Verft. Dette siste var midt i blinken for Andreas.

Laurdag var siste dag, og no lærte deltakerne om kulturforskjeller og korleis makt påvirker makt. Solveig og Andreas fekk mykje verdifullt ut av dette.

Som avslutning, fekk gruppene i oppgave å lage eit høgast mulig spagettitårn. Gruppa til Andreas bygde det nest høgaste tårnet. Men, fortalte han, det som vant stod akkurat dei 5 sekunda som skulle til for å bli godtkjent. Like etter ramla det sammen. Forbedringspotensiale når det gjeld ingeniørkunst med andre ord.

Solveig og Andreas oppsummerte kurset med at det hadde vore lærerikt og at dei hadde fåtte lære mykje om seg sjøl. Dei fortalte at deltakerne var frå heile Møre og Romsdal og representerte mange yrker. Nokre studenter var det også. Kurset er fin anledning til nettverksbygging og  å halde kontakt framover.

Som vanlig i møta våre, var det mange spørsmål som blei besvart så godt dei kunne.

Eit flott foredrag av to flotte ungdomer som SRK ønsker all mulig hell og lykke både privat og i yrkeslivet.

President Bastian var i det spandable hjørnet og overrakte dei kvar sin doble ost.


Så runda Presidenten av møte med å minne om tur til Montesorriskulen i Velledalen neste onsdag og ønska så alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS