Guvenør for D2305 i 2018/2019: Arvid Blindheim.

Arvid Blindheim som representerer Vestnes Rotaryklubb, men som er frå Blindheimsbakkane i Sykkylven.


Sykkylving DG i Rotary

Arvid Blindheim har frå 1. juli teke over vervet som DG – Distriktsguvernør – for Distrikt 2305 i Rotary International. Arvid vart fødd 1948 i Sykkylven, og er no busett saman med fru Anne Cathrine på Vestnes. Han er chartermedlem og var ein av stiftarane av Vestnes Rotary Klubb i 1978. Blindheim vil aksle vervet som guvernør ut juni 2019. Distriktet omfattar  Hedmark, Oppland, Sunnmøre, Romsdal og i tillegg Eda i Sverige. Ikkje sidan Karstein Oddmund Vik sine dagar rundt 1978 har ein innfødd sykkylving vore distriktsguvernør i Rotary. Arvid er utdanna lærar frå Hamar lærerskole, med tilleggsutdanning i musikk og spesialpedagogikk. I tillegg har han mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda. I Vestnes kommune har han arbeidd som lærar og rektor, før han tok over som fylkeskultursjef i 1992, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon i 2013. Han er styreleiar for Bjørnsonfestivalen og for Vestnes Sogelag. Mellom anna dette, saman med vervet som DG i Rotary er det ikkje nemnande fare for at Arvid vil mangle arbeid med det første. I desse dagar legg han ut på ei besøksrunde til alle Distrikt 2305 sine 51 klubbar. Vi ønskjer han også velkommen til Stranda og Sykkylven!


 

 

 



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS