Rotarymøte 19.09.2018: Ove Straumsheim:

Sykkylven Rotary Klubb 2018-09-19, Møte i Sparebanksalen kl. 19.
Innkommande President Petter Velle ønska velkommen og leia møtet. Spesielt velkommen til Lars Olav Holmøy, gjest. Datoen 19. september ber i seg minne om bl.a. 1893 New Zealand innførte som første land i verden allmenn stemmerett for kvinner. Elles om den britiske forfattaren og Nobelpris-vinnaren (1983) Michael Golding som blei fødd 1911, og om Mikke Mus som «debuterte» på filmlerret 1928. Viss så nokon lurer på kvar i all verda møteleiaren finn tak i alt det minneverdige stoffet som han/ ho refererer til, går det an å sjekke https://www.dagsdato.no/index0.html Det er ingen dum idé! Petter tok seg også tid til å fortelje vitsen om den ivrige, unge mannen som på ein dans spurde jenta: - Kamilla, kan eg få lov til å kysse deg? – Eg heiter ikkje Kamilla, var svaret han fekk. – Nei, men det var ikkje det eg spurde om! … Kanskje vi får høyre kor det gjekk vidare, ein annan gong. Dermed vart ordet og tonen gjeve vidare til songleiar Olav P, som – etter å ha fått med seg stormfulle vervarsel – leia an i den svenske Hösten är kommen, hör stormarna gny! Tekst: Carl Fredric Dahlgren, Tone: O. W. Uddén.
Dagens 3-minutt vart godt og vel teke i vare av Ove Straumsheim, som også delte med oss at han i år kunne markere sine første 40 år som medlem i Rotary. Vidare, at det var på denne tid i 1968 – for 50 år sidan – at han starta opp glasmeister-verksemda på Straumsøyrane i Straumgjerde. I tillegg har han i samband med jubiléet også laga ei lita sogebok om firma Straumsheim Glass og Fasade. Han held orden i sysakene sine, den gode Ove. I samband med sistnemnde jubileum, var han og fru Solbjørg sist helg inviterte med på ein vellykka firmatur til Brussel. Gratulerer, både med det eine og det andre jubiléet! Temaet for 3-minutt var ei oppdatering på prosjekt Religiøse folketonar frå Sykkylven, ved Trygve Straume, 1986. Ove har tidlegare fortalt om korleis han og jamaldringen Sverre Djupvik i samband med felles feiring av 75 års jubileum i 2015 tok initiativet til å få nokre av Trygve sine nedteikningar arrangerte for brass-band, d.v.s for Credo Brass, som dei begge spelte i. Sverre døde i 2016, men Ove heldt fram som drivkraft for prosjektet, og det vart formelt «teke over» av Credo Brass. No er jobben nesten ferdig med 14-15 melodiar, og desse arrangørane har levert/ vil levere: Askjell Molvær (3), Erlend Eide (4), Christian A. Eriksen (3), Henning Sommerro (1), Odd Johan Overøye (2), Jorun Marie R. Kvernberg (1-2). Søndag den 16. mars 2019 vil resultatet bli å høyre i Sykkylven kyrkje i ein stor konsert, leia av Greta Herje og Jorun Marie, der fleire av arrangørane og etterkommarar etter song-kjeldene i Sykkylven vil vere til stades/ ta del. Credo Brass har regien på det heile, i samarbeid med Velledalskoret (konsert 3.nov.), kulturkontoret i Sykkylven, Sykkylven Kulturskule. Sistnemnde markerer også sine første 40 år.  Målet med prosjektet er å gjere
kulturskatten tilgjengeleg og kjend for folk flest, så han kan leve vidare, utan å bli gløymd. Lesaren vil truleg sjå at desse tre minutta vart monaleg lenger enn tre, men i dette møtet gjorde det slett ingen ting, etter som kveldens talar Trond Bonesmo sat «møtefast» og for lukka dører i kommunestyret. Han skulle ha snakka om ønskeplanar for nybygging av symjehall i bygda, men dette lyt takast att ved eit seinare høve. I staden vart det Ove som både tok kaka og berga kvelden, men før neste avdeling fekk både han og vi andre ei velsmakande kaffi- og kunstbolle-økt. I år er det nytt opplegg der serverings-komitéen syter for oppdekking og kaffi, medan Kjellaug Roald held oss med «noko attåt.» Ho veit definitivt kva ho styrer med i matvegen, og det var heller ingen ting å seie på kaffi-kvaliteten!

Etter kaffiøkta fekk Ove ordet igjen, og fortalde engasjert både om glassmeisterforretninga frå 1968 som utvikla seg til noverande firma Straumsheim Glass og Fasade, om boka Glassklar i 50 år og om jubileumsturen til Brussel; i omvend rekkefølgje. 43 personar reiste frå Vigra fredag morgon, og landa i Brussel etter ei reise via Oslo klokka 12.15. Tur på byen med kunnige guidar og jubileumsfest i plenum sto på programmet, og i sum fekk turen eit retteleg element av «teambygging» og vart eit minne for livet.
Soga om firmaet er ei interessant reise gjennom skiftande tider. Glassmeisteren finn vi ikkje lenger på byggeplassen. God leiing, gode medarbeidarar, utvikling og tilpassing til marknaden er nøkkelord i ei suksessbedrift. Første leveransen gjekk til Severin Bakke, noverande Silhuett butikken. Utstillingssenteret på «Molja» i Ålesund blei som eit signalbygg for firmaet, og hausta stor fagnad i kunnige krinsar. Dagens leiing med Ole og Geir Straumsheim i spissen får det aller, aller beste skussmål/ karakter frå faren, og bedrifta har ein solid ordrereserve for det næraste året framover. John Henrik fortalde om si første kontakt med firmaet, då han som 11-åring sprang saman med ei venninne/ slektning ned trappene i Welle-bygget, og «tok» glaset både i inngangsdøra og i glasfeltet på eine sida.
Avslutningsvis kommenterte Ove på eit spørsmål at deira hovudmarknad er Ålesund og Molde. Han hausta vel fortent applaus frå dei frammøtte, og ekte geitost med stor takk frå Petter møteleiar for sin «totalpakke», levert i kveldens rotarymøte.
Skrivar: Olav
 
Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Sparebanksalen, 6230 Sykkylven, Onsdag kl. 19.30
Adresse: Aure
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no


M
T
O
T
F
L
S
 
 
 
 
 
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Bakke ?
26. sep. 2018, 19.00

Bakke er den einaste opplysning CICO har fått. Kje ...

Rektor Barbro Midtgård:
3. okt. 2018, 19.00

Rektor Barbro Midtgård orienterer om Sykkylven Vid ...




rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

NORFO - Rotary RSS


District - Rotary RSS



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS