Rotarymøte 26.09.18: Snorre Bakke:

Les referat frå Snorre Bakke sitt flotte foredrag om"Livet i havet".

Referat frå Rotarymøte 26.09.2018:

President Greta ønska alle vel møtt til kveldens møte og spesielt til gjesten vår, Snorre Bakke som ville halde kveldens foredrag om «Livet i havet».


26. september

Men først litt opplysning om dagens dato: Einar og Endre har namnedag. Av folk som har bursdager, nemnte Greta:  T.S. Elliot, f. 1888,forfatter av musicalen «Cats»,  George Gerswin  født i 1898, amerikansk komponist, tekstforfatter av m.a. «Porgy and Bess». Så til i dag: Martin Johnsrud Sundby, norsk langrennsløper født 1984.

I 1687 erobra Venezia, Athen. Ikkje noko spesielt med det utenom at dei ødelagte Akropolis. I 1907 erklærte Australia seg uavhengig av Storbritannia. Under 2. verdenskrig, i  1941, massakrerte tyskerne 30000 jøder etter erobringa av Kiev.

Trubadur Olav hadde funne fram ein sang med haustlig tittel: «Det er lauvfallstid». Forfatter Henrik Straumsheim. Referent trudde denne sangen vill handle om den årstida vi er inne i, men i staden var innhaldet av det meir romantiske slaget.

Sekretær har travle tider, og president Greta hadde fått beskjed om å forkynne at ved forrige Rotarymøte hadde det vore 17 frammøtte. Dette gav stusselig 43 % frammøte.

3 – MINUTT OM GODSTERMINALTOMTA

3- minutt var denne gang ved Olaf Ellingsen: Han tok utgangspunkt i den såkalte Godsterminaltomta som no er blitt veldig attraktiv etter rivinga av Godsterminalen. Så er det naturligvis mange ideer om kva ein kan bruke denne til, og kva ein kan bygge der. Olaf meiner at ein bør sjå korleis ein løyser dette i landa rundt Middelhavet. Kvifor ikkje anlegge ein grøn oase med park der folk kan opphalde seg og nyte utsikt og evt. fint ver? Olaf meiner dette vil bli eit utmerket rekreasjonsområde for innbyggerne i Sykkylven. Eit interessant og aktuelt debattinnlegg av Olaf.

President Greta opplyste at det fortsatt er ledig plass ved RYLA i november og ber om forslag på kandidater.

Forrige helg var det Distriktskonferanse i Molde, og SRK sin visning av prosjektet «Vi støtter: Lola Day Care Center» hadde fått mykje merksemd. Greta vil ta opp i SRK - styret om ein skal forsøke å få med fleire klubber på dette prosjektet.



Elles blir det som planlagt Polioaksjon på Fagrefjellet, komande søndag 30. I fjor blei aksjonen arrangert ein månad seinere med vinterlig ver. Ved å flytte fram ein måned, kunne ein kanskje håpe på bedre ver, men  i det siste har det vore både vått og vindfullt. Verprognosen er ikkje den beste. Greta oppfordra likevel alle til å møte opp. Dersom ein ikkje kan møte fysisk, er det likevel ei råd: I disse moderne tider kan ein bruke Vipps.


ROTARYFOREDRAG: SNORRE BAKKE: «OM LIVET I HAVET»

Etter Rotarykaffe og masse gode boller og god prat, var det foredragshaldar, Snorre sin tur. Han er marinbiolog ved Møreforskning og har jobba her siden 2008. Han fortalte at Møreforskning AS er eit forskningsinstitutt med marin profil. Kontora ligg ved NMK i Ålesund. Det er 28 tilsette og 22 forskerverk. Det er samarbeid med næringslivet, men med aukande grad av såkalla bidragsforskning. Driftsinntektene var i 2017 på 42 mill. kroner.

At kontora til Møreforskning ligg i Ålesund, meiner Snorre er heilt naturlig. I Møre og Romsdal er det 5000 arbeidsplasser innen sjømat  Det er  ein produksjon av 540 000 tonn sjømat til  eksportverdi av nesten 20 mrd. kroner (2017). Alt i alt er vi det suverent største sjømatfylke i Norge.

Det mest vanlige og tradisjonelle er å forske på og vie merksemd til fiskeslag som torsk, laks, kveite osv. Men Snorre har hatt lyst på utfordringer utom dette. Derfor har han konsentrert seg om forskning på reker, og såpass eksotiske arter som raud sjøpølse, kongsnegel og kanskje det mest uvanlige, forskning på bunnlus. Så vidt referent veit blir det siste kalla for «søg» lokalt.

REKER


Det blir tatt 400 000 til 500 00 tonn med reker i året. Dette blir tatt med trål. Snorre har forska på å fangste med teiner. Ein har prøvd dette i Porsangerfjorden. Med mange nok teiner, kan faktisk denne fangstmetoden konkurrere med tråling. Den er meir skånsom enn tråling, både for miljøet og rekene.

RAUD SJØPØLSE


Dette blir kalt for «havets ginseng» og er svært etterspurt i Asia. Det er faktisk eit av  dei best betalte sjømatprodukt i verda. Men sjøl om det er sunt, meiner Snorre at smaken, etter hans meining, gjer  sjøpølsa  best egna for eksport. Forskningsprosjektet handler om å få til ein aquakultur der ein kan få til oppdrett av sjøpølsa. Dessuten kan det tenkes at den kan brukes som «rensedyr» i oppdrettsnæringa.     

KONGSNEGEL


Også dette er det stor etterspurnad etter. 70 % blir eksportert til Korea, og prisene er på vei oppover. Hos oss er det ein uutnytta ressurs, samstundes som det er stort ressursgrunnlag langs kysten vår. Dersom ein kunne utnytte dette, ville mange fiskere få «fleire bein å stå på». Skal det vere økonomisk lønnsomt med prosessering, bør det foreligge så mykje som 1000 tonn.

BUNNLUS


Kanskje det mest eksotiske Snorre fortalte om var bunnlus. Finst i enorme mengder i havet. Dette er ein pest og plage for garn- og linefiskere, men likevel ein viktig renovatør. Korleis kan det så tenkes at ein kan nytte dette? Forskning har vist at bunnlusa har høg proteininnhald og fettsyresammensetning som gjer at den kan nyttes f.eks. i Omega 3 - produkter. Elles kan den kan brukes som smakstilsetning i f.eks supper. Så vidt referent forstår, har Toro vist interesse for nettopp dette. Men då fikk forskningsprosjektet og Snorre beskjed om å skifte namn til «minikreps». Dette er ikkje heilt feil. Faktisk er bunnlusa eit lite krepsdyr med størrelse får ein halv centimeter til halvannan.

Eit grundig og flott foredrag av Snorre som ser store muligheter til å fangste og ale på disse 4 organismene. Dette gir sjølsagt muligheter for fiskere som ikkje allereie er etablerte med kvoter på vanlige fiskeslag.

Det flotte foredraget belønna president Greta med noko (ost), som sannsynligvis smaker bedre enn sjøpølse.


Så minte ho om neste møte 3. oktober som blir Presidenten sin time.

 Referent

Jarle Svindseth  



 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS