Rotarymøte 31.10.2018: Trond Bonesmo

Les kva Trond Bonesmo fortalte om mogleg nytt Folkebad i Sykkylven.

Referat frå Rotarymøte 31.10.2018:

Denne kvelden var det møte i Pensjonistsalen i påvente av utbedring av Sparebanksalen etter lekkasje. President Greta ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sin foredragshaldar, Trond Bonesmo.

Som vanlig litt om dagen, 31. oktober: Det er Alle Helgeners Aften, mykje godt ein katolsk skikk som blei nedtona etter reformasjonen. I samband med dette nemnte Greta at nett på denne datoen slo Martin Luther opp sine 95 teser på døren til Wittenberg Slottskirke.

Halloween-skikken, som vi kjenner den, kom frå USA og er sidan blitt kommersialisert. I likhet med referent, rekner eg med at mange hadde fått besøk av meir eller mindre «nifse» framtoninger som ropte ut «knask eller knep». Referent nytta høvet til å kvitte seg med ein del karamelletwist frå ein twistpose.

Edit og Edna har navnedag 31. oktober og det er avleda av to motsetninger, lykke/strid.

Trubadur Olav forkynte at så lenge vi er i «romutlendighet», vil han begynne å synge frå byrjinga av sangboka vår. Den andre sangen i boka kunne ikkje passe bedre i ei Rotaryforsamling: «På folkemunne» av Vidar Sandbeck.  Her gjekk forfatteren gjennom alle dei yrka han kunne tenke seg, men alltid kom det eit eller anna i vegen. Det er faktisk 100- års jubileum for visekunsteren dette året.

Sekretær Knut Henning forkynte at det er Odd og Asbjørn som står for tur til BUAS- besøk. Forrige møte var det 26 frammøtte. Det gav relativt habile 62 % frammøte. Bursdager: Helge Standal blir 64 år 2. november, men Steven Blindheim blei 57 år nettopp denne datoen. Sjølsagt måtte alle reise seg og synge bursdagssangen til han.

Asbjørn Klokk hadde fått den store ære i å framføre kvelden sin 3- minutt. Kanskje ikkje uventa handla dette om litt maritime saker. Han tok for seg etableringa av ny kai nede ved sjøen (kaia bør vel kanskje ligge her) i Ramstaddal. Dette skjedde i 1897. Det blei danna eit aksjeselskap med 29 deltakarar og 30 aksjer. Asbjørn understreka at det mellom aksjeeigarane var det 2 revisorer. Finansieringa var lån i Ørskog Sparebank. Første lånet var på 850 kr. Dette viste seg å vere litt knapt så dei måtte utvide låna seinere.

Finansieringa var litt «kuriøs». Det var ein slags variant av bompenger, der f.eks. å få frakta ein hest over til ein båt kosta maksimal takst. (Referent husker ikkje beløpet). Deretter blei det billigere til mindre dyr som skulle over bryggekanten. Passasjerer måtte også betale ein viss sum, og litt spesielt var det at dersom ein hadde med niste i ei tine blei dette dyrere. (trur det blei 13 øre).

Noko seinere fikk ein handelsmann etablere seg ved kaia, mot at han innløyste lånet. Slik blei kaia nedbetalt i løpet av 10 år.

Det blei seinere også bygd kaihus. Dette blei etter kvart bli prega av tidens tann. For at ikkje dette kulturminne skal gå tapt, har «Vener av Ramstaddal Kai», med støtte frå stat og fylke, satt i gang eit restaureringsarbeid.

Asbjørn supplerte si orientering med bilder frå kaia:




   

Mogleg Folkebad:

Etter kaffi og gode rundstykker var det Trond Bonesmo sin tur til å snakke om Folkebadet eller Alpebadet. Trond presenterte seg sjøl og fortalte at han er gift og har to barn. Jobber i Vard Group. Er politiker, er med i kommunestyret og er medlem i Levekårsutvalget. Sjøl om han meinte han ikkje er nokon dyktig svømmer, er han med svømmegruppa som hjelpetrener.

Han minte om at dagens svømmehall ved Kulturhuset er 50 år, og begynner å bli veldig slitt. Det er derfor vanskelig å sei kor lenge ein kan nytte dette. Utdanningsdirektoratet har satt som målsetning at 4. klassingene skal vere i stand til å svømme 100 m. Deretter dukke ned til botnen for å hente opp ting. Deretter svømme 100 m. til. Dette er svært ambisiøst, og skal ein nå dette målet vil nok ikkje dagens basseng vere tjenlig.

Men det er ikkje berre skuleborn som vil bruke bassenget:

-          Vanntilvenning for barnehagebarn.

-          Behandling (reumatikerbading og fysioterapi).

-          Trening.

-          Mosjon, leik og moro.

-          Babysvømming. (ikkje tilbod i dag)

-          Vaksenopplæring. (ikkje tilbod i dag)

Det er mange grupper som vil nytte bassenget. Sameleis er det motstridande interesser når det gjeld temperatur. Reumatikerne vil ha det godt og varmt, medan særlig konkurransesvømmerne vil ha temperatur langt ned på 20- talet.

Som konklusjon kom Trond til at dagens basseng gir for liten kapasitet. Er enten for djupt eller grunt. Er for kort, særlig til konkurransesvømmere. Som tidligere nevnt er det slitt og sjansen for sammenbrudd er stor. I det heile tatt er det lite attraktivt.

Trond nevnte fleire alternativ, men det som han synest er det beste er eit Folkebad ved kaia på Aure . («Godsterminaltomta») Her kan ein bygge slik at dei overfor nevnte gruppene sine interesser blir ivaretatt. For å gjere dette riktig attraktivt,  kan ein supplere med stupetårn, plaskebasseng, boblebad, vannsklie, sauna og ein kafe.

Eit slikt bygg vil bli eit signalbygg der ein kan få til ein synergi med handelsstanden. Når først folk er i bassenget, vil vegen til butikkene etterpå vere veldig kort. Her er rikelig med parkering og det vil hindre handelslekkasje til Moa.

Men det blir ikkje billig: Eit anslag frå Asplan Viak viser at eit svømmeanlegg vil koste 119 mill. kroner, medan eit Folkebad vil bli enda dyrere, 161 mill. kroner.

Trond avslutta med at han synes dette badeanlegget burde vere kommunalt fordi ein får spelemidler (målretta mot breddeidrett). Ein får momskompensasjon, og til sist men ikkje minst, meiner han at symjeopplæring bør vere ein kommunal oppgåve.

Eit veldig interessant foredrag av Trond Bonesmo. Referent synes det heile høyres ut som ein veldig god ide, men så er det disse pengene da.

To bilder frå Rjukanbadet:


Greta belønna Trond med sedvanlige to oster. Denne gangen hadde ho ikkje hatt tid til innpakning. Så avslutta ho med å minne om neste møte som er Presidenten sin time, der ho vil fortelle om Distriktskonferansen i Molde.

Mvh

Jarle Svindseth

 



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS