Rotarymøte 14.nov. 2018: Rektor Barbro Midtgård.


Referat frå Rotarymøte 14.11.2018:

Les referat frå rektor Barbro Midtgård si orientering om Sykkylven Videregående Skule.
Møtestad var Pensjonistsalen, og president Greta ønska alle vel møtt. Spesielt våre to gjester, Liv Marie Lillevik, og kvelden sin foredragshaldar, Barbro Midtgård.

Minneord over Marta Riber Roald

Vår rotaryven, Marta Roald er gått bort. President Greta heldt minneord og fortalte mellom anna at Marta i 2006/2007 var den første kvinnelige president i klubben vår. Ho var også initiativtaker til samarbeid med May Brit Tynes om «Prosjekt Filippinene». Vi avslutta med 1 minutts stillhet.

Orientering om dagen i dag, 14. nov.

Så over til faste poster: Denne datoen har Fredrik og Freddy namnedag.

Når det gjeld bursdager denne datoen, internasjonalt, nemnte Greta: Claude Monet, Astrid Lindgren og ikkje minst  arveprins Charles i Storbritannia som fylte 70 år denne dagen.

Greta siterte også ein artikkel i Aftenposten frå 1905 om folkerøysting i Norge. Den første var om Norge fortsatt skulle vere i union med Sverige. Det blei eit overveldende fleirtal for oppløysing . 184 for Unionen og 371 911 mot denne. Seinere krevde prins Carl folkeavstemning om monarki. Her var ikkje fleirtalet fullt så overveldende, men 260 000 stemte for og 69 000 mot. Prins Carl av Danmark blei då kong Haakon av Norge.

Etter trubadur Olav sin plan, skulle vi synge 4. sang i sangboka vår, men president Greta gjorde unntak denne gongen. Det blei «Mellom bakker og berg». Ingen dårlig erstatning.

3- minutt om mobbing i skulen

3 minutt var ved Bjørg. Ho jobber i skulen og tok opp eit alvorleg tema, mobbing. Dette har dessverre dei fleste av oss erfaring med , enten som mobber eller mobbeoffer.

I ei undersøking har det vist at  heile 50 000 elever i dagens skule har opplevd seg mobba.

Det er siste åra blitt stadig meir fokus på dette. Opplæringslova seier at det skal lagas ein plan for å korleis mobbing skal håndteres. Dersom dette blir forsømt, kan dei einskilte sakene bli klaga til Fylkesmannen. Skulen kan få bøter, og vi veit at mobbeoffer har søkt om og fått erstatning etter mange år.

Kva er definisjonen på mobbing? I følge Bjørg er dette ei ond handling som har foregått over tid og der styrkeforholdet er ulikt.

Det er mange måter å mobbe på: Verbal, sosial, materiell, psykisk, fysisk, og ikkje minst, noko som dessverre er svært aktuelt i vår tid, digital mobbing.

For at mobbing skal ha effekt, er den avhengig av passive tilskuere. Mobbeoffer har i etterkant fortalt at passiviteten mellom tilskuerne var det verste.

Bjørg streka under at mobbesakene ofte er både komplekse og vanskelig å løyse. Dessverre er det ingen «kvikk fix» for dette.

Eit 3- minutt til ettertanke om eit altfor aktuelt tema.

Orientering ved Presidenten

Før rotarykaffe, kunne president Greta fortelle at Erlend Lillevik hadde vore vår deltaker på Ryla.

Videre orienterte ho om at neste onsdag, 21. nov. er det Guvenørbesøk på Stranda. Styret  møter kl. 18:00. medan sjølve fellesmøtet blir kl. 19:00. Stad er Stranda Kulturhus.

Sykkylven Videregående Skule (sjå bilde av rektor og skulen under)



Etter rotarykaffen, orienterte så  rektor Barbro Midtgård om Sykkylven Videregående Skule. Her er det 270 elever med ganske omfattende undervisningstilbod: Helse- og sosial, TIP (teknikk og industriell produksjon), elektrofag – automasjon, studiespesialisering og eit tilbud der elevene kan gå to år i yrkesfag og så avslutte med eit år med såkalla «Påbygging». Dette gir generell studiekompetanse. Derimot krev enkelte studier fordjupning i realfag. Då blir det krevd 3- årig almenfag, eller at eleven tek dei faga han mangler i etterkant av skulen.

Nye tilbod

Nytt av året er ei friluftslinje som kan kombineres med vanlig undervisning. Dessuten har skulen fått klarsignal for Robot- og digitaliseringslinje. Videre noko som Barbro kalla Fab.Lab som legg vekt på skaperglede. Dette er utdanninger som vil bli etterspurt i åra framover.

Entreprenørskap

Barbro fortalte at ho er stolt over entreprenørskapet ved skulen. Ved fylkesmønstring, var 30 % av  bedriftene frå Sykkylven Videregående Skule. Ei av desse gjekk videre til Oslo og nasjonal finale. Lokalt næringsliv har vore flinke til å støtte entreprenørskapet.

Internasjonalisering

Internasjonalisering i skulekvardagen er ganske omfattende. Det er 5 prosjekt som går føre seg. M.a. eit utvekslingsprosjekt Belgia – Norge.

Det blir arrangert ei internasjonal veke med fokus på «fake news». England, Spania og Island deltek samen med oss.

Det er samarbeid med Danmark om Helse- og oppvekst.

Veldig interessant er  samarbeid med Island om automasjon og geokraftverk.

Interessant for Rotary er Erasmusprosjektet med utveksling av elever frå ulike land. Kanskje kan skulen og vi samarbeide om eit utvekslingsprogram.

Til slutt nemnte Barbro at det er starta eit skuleprosjekt for å yte hjelp til ein flyktningeleir i Vest – Sahara. Samarbeidet om skuleprosjektet i Etiopia er no avslutta.

Trivsel

Det blir gjort mykje for at både elever og lærere skal trives. Barbro viste bilder av ulike trivselstiltak med lesesal, samtalehus, skulekantine og «Pusterommet» på Aure. Det blir gjort mykje for at elevene skal engasjere seg i elevdemokrati. Og til sist, men ikkje minst, viste Barbro bilde av eit flott lærerrom. Sjølsagt møblert med Ekornesmøbler.

Grundig og flott foredrag av rektor Barbro. Skulekvardagen er nok litt annaleis i dag enn då referent gjekk på gymnas i Ålesund i byrjinga av 1970- talet.

Velfortjent og sedvanlig gest til Barbro etterpå.


Til sist sang vi bursdagssangen til Kristin som fyller rundt år, neste dag 15. nov. Sjøl om ein ikkje skal nemne ei kvinne sin alder, tek likevel referent sjansen på å fortelle at ho fyller 50 år.

Så ønska president Greta flest mulig vel møtt til Guvenørbesøk på Stranda neste onsdag.

 

Referent

Jarle Svindseth   



 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS