Referat frå Presidenten sin time, 19. august.

Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte og Presidenten sin time den 19. august 2020 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg

Vi tek til med slutten av møtet, då presidenten fortalde om ein e-post som han hadde fått, der ein viss Kjetil Utne frå Trondheim fortalde om ei bok som han hadde laga etter ein sykkeltur frå Trondheim til Bangalore i India. Heile referatet finn du her. 

President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til første rotarymøte etter ferien med Presidenten sin time. 

Dagen i dag namnedag for Sigvald og Sigve. SigvaldBetydning: «seier» + «hersker». Opprinnelse: norrøn. Navnedag: 19. august (Norge). 323 menn.  SigveBetydning: «seier» + «skog, tre». Navnedag: 19. august (Norge) ... Sigve er et skandinavisk mannsnavn med norrøn opprinnelse som betyr «seier» og «skog, tre». (Wikipedia)

Minnedagar, bl.a. musikar Asmund Bjørken, f. 1933, d. 2018. Kronprinsesse Mette-Marit f. 1973. Nasjonal flaggdag frå 2002, då ho vart gift inn i kongeslekta. Med andre ord: ho vart godt gift.

«Hvis jeg hadde fått dette bildet med det nye kameraet mitt, hadde jeg antakeligvis følt meg snytt, og krevd pengene tilbake. Men da Nicéphore Niépce (1765-1833) tok dette bildet i 1826 skrev han historie. Bildet heter «Utsikt fra viduet i Le Gras», og er verdens første vellykkede fotografi. Ordet vellykket brukes i sin videste forstand. Bildet er fryktelig kornete, og eksponeringstiden er anslått til å være på omtrent 8 timer. Det hadde antakeligvis vært like effektivt å male utsikten.» Bilete under:

Etter alle desse opplysningane frå presidenten, inviterte Olav til allsong: Rotary-songen av Henrik Straumsheim.  «Midt i alt som kan kløyve og skilje, skal vårt Rotary knyte eit band,…»

Sekretær Kristin informerte om frammøte m.m. og rotaryåret sitt første 3-minutt var ved Ingjerd Asbjørnsen. «President og kjære Rotary-venner…» (Ein framifrå god måte å begynne på!) 

Ein annleis sommar, etter ein annleis vår, på grunn av korona-pandemien. Besøk av familie og venner som kunne reise rundt i dette vakre landet og – i denne samanheng – nyte Sykkylven og Sunndalen for alt det var verd. Ho gav også honnør og takk til styresmaktene våre som alt frå dag ein resolutt tok grep og stengde ned samfunnet slik at smitta ikkje fekk spreie seg. Difor er Noreg i dag mellom dei lettast råka landa.

Matøkt/ kaffipause: med plast-innpakka sveler og kaffi/ te på menyen er både smitteverntiltaka og mathugen på plass, og drøsen gjekk livleg rundt borda – med høveleg avstand mellom hovuda.

Presidenten informerer: Smitteverntiltak/ Smittevernplan for SRK:

·        9 – ni – frittståande bord i lokalet, i samsvar med reglane.

·        Maksimalt 4 sitjeplassar pr. bord. Ein meter avstand.

·        Serveringskomiteen brukar eingongshanskar.

·        Antibac ved inngangen til lokalet. Handvask.

·        Gjester i klubben må «arkiverast» med kontaktpunkt/ telefonnr.

Ove Straumsheim feira jubileum i juli, og langt takkebrev frå han vart lese opp. Medan vi sit i møte, sit han saman med si kjære fru Solbjørg på hurtigruteskipet MS Finnmarken ved Rørvik,- på cruise-retur frå Kirkenes.

Møtelokale: ordførar Odd Jostein Drotninghaug har informert presidenten om at signert avtale om kommunalt kjøp av bankbygget frå COOP førebels ikkje ligg føre. Inntil vidare vil SRK difor halde fram med sine møte i dette lokalet. Utan oppvarming. Framlegg frå medlem: Kjøp termo-dressar med Rotary-logo til å halde varmen når temperaturen søkk utetter hausten!

Møteplan er utarbeidd, og vil bli presentert i styremøte om eit par veker. Guvernørbesøk er bestemt til onsdag 16. september, og det vil bli halde på Promenaden, Ikornnes, i samarbeid med Stranda RK, som vanleg. Vinlotteriet enda opp med at ein av våre eminente servitørar vann begge flaskene! Han ville ha trekkinga om att, men det ville ikkje presidenten. Ikkje tale om. Once in a lifetime, trulegvis.

Kjetil Utne i Trondheim sykla for to år sidan frå Trondheim til Bangalore.  Han ville skape merksemd om og samle pengar inn til prosjekt i India. Han arbeider no med ei bok med engelsk tekst frå turen, og ho vil verte å få kjøpt i løpet av hausten. Meld frå til presidenten dersom du vil ha boka til «Rotary-pris».

Kjetil Utne mellom venner i Bangalore.
Viss du googlar, finn du fleire «stunts» til gode føremål frå denne karen.

Resten av møtet gjekk med til komité-prating ved borda.

Møtet slutt. Vel heim!

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Sparebanksalen, 6230 Sykkylven, Onsdag kl. 19.30
Adresse: Aure
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no

M
T
O
T
F
L
S
 
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

NORFO - Rotary RSS

District - Rotary RSS

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022

rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS