Klubbmøte den 23 september 2020

Referat Sykkylven Rotaryklubb


Møteleiar: President Knut Vik

 

Namnedag: Snorre (norrønt for villstyring) og Snefrid ( snø + skjønnhet).

 

Gjest og foredragshaldar: Kommunalsjef Bjørnar Midtbust

 

På denne dagen: Snorre Sturlason blei drepe i 1241, Ivar Aasen (født i 1813) og døde i 1896, Ray Charles (født i 1930) døde i 2004,  Arild Rypdal født i 1934, Bruce Springsteen født i 1949, Åge Hareide født i 1953, 1984 opning av Nordkalottvegen frå Kiruna til Narvik, Karlstadavtalen 1905.

 

Dagens song: «Kjenn ditt land», Tekst O. Strøm, melodi B.A. Grimeland

 

Info frå sekretæren: På møtet 09.09, - oppmøteposent; 53,33 %. På Guvernørbesøket 43,18 %. Ingen fødselsdagar denne veka, men minnet på at Geir Brekke var 67 år 17.09.

 

3 min: Greta Herje. Tema; Frivilligheten. Rotary er den største frivillige yrkesbasserte  (humanitære) organisasjonen i verden. Utan frivillegheiten ville i alle vesten stoppa opp. Det gir stor glede å være med i frivilleg arbeid og det gir folk verdifull meining når ein bidreg til td. besøksteneste, leksehjelp, turvenn, hjelp i hus og hage, trening, leksehjelp.

Arbeidsinnsatsen utgjer millionar av timar og dei pengebidraga utgjer milliardar av kroner.

Frivilligheten er vinn/vinn.  I Norge 142 000 årsverk og 47,5 milliardar kr i verdiskapning (2017).

 Mange eldsjelar og organisasjonar som bidreg sterkt til å gje personar mulegheiter til eit betre liv, t.d. Rotary sitt engasjement i «end Polio» bl.a i samarbeid med Bill Gates. Mange bidreg med faste beløp til store og internasjonale  organisasjonar. Frå og med i fjor flytta Greta sitt årlege bidrag til ein mindre org. som gir direkte hjelp til fangar i fengsel, familiar i slummen og til barneheimar, men mest av alt gjev dei hjelp og håp for framtida til små born i slummen i Bogo gjennom undervisning. Dei for muligheiter til å gjennomføre eit grunnleggande offentleg skuleløp.

Sykkylven Rotary sitt mangeårige innsats for «Prosjektet Filippinene» har gjeve eit svært stort og viktig bidrag til arbeidet som blir gjort der. Etter besøket der saman med Olaf Ellingsen ser Greta at det er dei faste beløpa som gjev den største forutsigbarheita for det store arbeidet, uansett stoleiken på beløpet. Har tatt mål av seg her i dag å oppmode Rotaryvenane og andre til å gje månadlege bidrag til dette prosjektet og May Britt Tynes. Har aldri vore så imponert av noko som det som dei fekk sjå av hennar arbeid!

(Det vart delt ut lappar med kontonr. som ein nytte til innbetaling)

 

Info frå Presidenten: Avklaring når det gjeld bruk av lokala. Vi fekk interiøret og Coop eig møblane og dei skal stå her så lenge rommet er i bruk som no. Den dagen kommunen bestemmer seg for at dei skal bruke rommet til noko anna og rommet skal tømast skal møblane gjevast vekk til ungdomslaget i Ramstaddalen.

 


Dagens tema: Status for den nye Sentrumskulen v/ Bjørnar Midtbust

Bjørnar viste fram skisse av korleis plasseringa og romløysingane i nyskulen vert slik arkitektfirmaet  har tenkt så langt bli i den nye skulen. Skulen får ei samlokalisering med ein stor idrottshall og musikkskulen. I kommunestyrevedtaket frå desember 2018 er det satt ein ramme på ca 260 mill. Det er tre skular som vert erstatta med denne skulen, Vik -, Aure- og Ullavik skule. Skulen skal byggast i Bakkøyane  og skal kunne ta i mot inntil tre parallellar på kvart årssteg. Ca 16 elevar pr klasse (336 elevar) til 25 elevar pr klasse (525 elevar) frå 1. til og med 7.klasse. Storleiken må liggje i spennet mellom 16 og 25 elevar. Elevtalsutviklinga i Sykkylven gjer ca 400 elevar i 2023 i dei tre krinsane som skal sokne til den nye skulen. Dette vil gje klassar på 18 – 20 elevar.

Det er engasjert ekstern prosjektleiar frå Xpro AS i Ålesund, + ei prosjekteringsgruppe frå arkitektfirmaet Streken på Åndalsnes. Dei samarbeider med arkitektfirmaet Ole Roald i Oslo som har mykje erfaring med skulebygging. Arkitektane var svært begeistra for tomtområdet. Dei er opptatt av å halde på mykje av skogen og kva retning sikten frå dei to hovudfløyene skal vere. Tilkomst for gåande og privatbilar frå Dalevegen og busstopp på andre sida av elva med bru over.

Klasseromma vert plassert i to hovudfløyer, begge i 2 etasjar. i  tillegg  til avdelinga med kulturskulen og idrettshallen/ fleirbrukshallen.



Saka skal drøftast i Levekårsutvalet i nær framtid og seinare i Formannskapet og Kommunestyret.

 

Referent: Steinar Nordmo
 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS