Klubbmøte den 30 september 2020


Møteleiar: President Knut Vik

 

Gjester: Roar Aas ( foredragshaldar), Eivind Rød

 

Namnedag: Helga, Helge og Hege. Kjem av det norrøne heilagr.

 

På denne dagen: Johan Svendsen f. 1840 (komponist), Johan Falkberget f. 1879 (forfattar),  Elie Wiesel f.1926, Første dommen avsagt i Nürnbergprosessen 1945, Lars Klevstrand f. 1949, James Dean d. 1955, i 1959 begynte dei første kvinnelege politikonstablane i Oslo, Ari Behn f. 1972.

 

Song for dagen: Det er lauvfallstid og lognt i alle lundar

 

3 minutt; Kjell Heggdal.

Tema: Hendingar i barndommen. Tuberkulose (tæring, formulitt). I Selje då han var liten gut, registrete han at det var visse familiar som ikkje skulle besøkast. Tæring ramma veldig mange og var vanskeleg å skjule. Det var ein håplaus situasjon og det la seg en «tabu» over sjukdommen. Mange fekk øydelagt livet sitt p.g.a. av stigmatisering som kanskje var meir alvorleg enn sjølve sjukdommen. Folk som var erklært friske mista arbeidet sitt og blei kasta ut av husværet. Det var ganske tøffe tider! Men det var ein person som verkeleg forsto problemet, og det var Dr. Fredrik Melby. Han ville reise eit monument over ti tusenar av tuberkuløse som gjennom svært kompliserte livstilhøve likevel var lojale mot alle krevjande påbod. Dei  fanst då også, - forsiktigheit og omsyn overfor medmenneska og samfunn, mykje slik som i dag.

Det som har festa seg i eit barnesinn var då far skulle ta med seg pasientar frå Selje til Måløy sjukehus for det dei kalla for blåsing av lungene. Ikkje heilt funnet at kva det gjekk ut på (og veit ikkje om han vil vite det heller). Dei prøvde så mange åtgjerder for å bøte på tuberkulosen. På retur til Selje bles det opp til storm og skyssbåten blei forsinka. Og storesystera til Kjell såg at mora vart veldig bekymra og kravde at dei skulle tenne lys i vindauga, slik at dei kunne finne vegen heim. Det gjekk bra denne gongen og!

I 1947 kom det lys i tunnellen , BCG-vaksinering kom i gang for barn mellom 12 og 14 år. Dette held fram heilt til 1995. Då var dekning i Norge så god at det vart avslutta.

«Skulebarnsgransking» vart satt i gang i 1945 med veging og måling ++, og dette var noko mange grua seg til. Helsesystera var dansk og borna forsto ikkje så mykje av kva ho sa. Rykta sa at ho skulle skjære dei opp i underarmen med kniv ,- pirque heiter det. For ikkje snakke om BCG-vaksina. Det gjekk rykte om at sprøyta var kjempestor meg lang spiss, minst 1 mm tjukk. Hugsar det godt, var skråskjært i spissen, men han kan ikkje hugse at nokon vart liggande igjen og alle kom trygt heim.

(Han nemnde  ikkje alt det gale «gårdungane» gjorde. (gårdunge = hyn). Det må bli ein ny 3 min.) Dei styrte seg sjølve, men det var nokre nabokjærringar som følgde med.

Til helga skal han møte ein god barndomsven. Dei skal ta eit «raid» på gamle stiar  frå barndommen.

 

Info frå presidenten: Haustferie neste veke, - nytt møte om 14 dagar.

 

Foredrag: Formueforvaltning: Roar Aas frå Ålesund (Selskapet Formueforvaltning)


Pandemien har til dels store økonomiske konsekvensar og vi er framleis i ein fase der ein ikkje veit korleis dette vil ende. Prognosen frå Pengefondet (IMF):  ein vanleg økonomisk vekst ligg på 3 til 5 % som er naudsynt for at vi skal ha det greitt, både på børsen og næringsliv. Der er vi ikkje no! Det ser ut som om at det vert ca. 5 % nedgang i 2020 på økonomisk aktivitet på verdsbasis og for nokre økonomiar vert det verre. USA er kanskje dei som er mest utsatt med ein nedgang på 8 % (prognose). Har ikkje vært slik tilbakegang sidan dei harde 30 åra! (Dette er dei beste utfalla).

For oss lokalt betyr ein nedgang på 5 % m.a. dette;

23. mars var den verste børsdagen førebels. Når vi gjekk i denne krisa falt etterspørselen etter olje  frå 100 mill. fat olje til 70 mill. fat pr. dag på nokre veker. Eit drastisk situasjon! Dette slår ekstra hardt ut for transportnæringa som står for ca. 60 % av forbruket. Neste år er ein kanskje tilbake på 91- 92 mill. fat. Det vil ta 8-9 år før ein er tilbake på 2019 nivået. Dette vil bety ganske permanente tap av arbeidsplassar i nokre næringar. Dette visast igjen i innteninga til selskapa. Den 23.mars var det ikkje noko erkjenning av kor ille dette kunne bli. Estimert inntening for det året vi er inne i er 18 %. Vi kom frå ein forventning om at det skulle stige med 10 % . Dvs. nesten 30 % bortfall i bedriftene sin inntening i år og då er det ikkje rart arbeidsledigheita går opp. I USA gikk den opp frå 3,5 % til 15 %. Går litt ned no, men vi har ikkje sett slik dramatikk i nyare tid.

Covid 19 med børsbrillar på»: (Verdsindeksen) Frå topp til botn er det 34 % på 3 veker. Aldri hatt så stor nedgang (Må tilbake til 30 talet for å finne noko liknande). Om vi ser på kva som har skjedd etter den 23. mars så ser det ut som vi både har funnet ei vaksine, pandemien er over, vi har byrja å reise og bo på hotell, - skulle  man tru. Om vi ser på børs-bilete er vi tilbake der vi var på før vi visste noko om pandemien. Men vi veit at slik er det ikkje, - så om vi ikkje finn ei vaksine fort så kan det hende at vi har eit problem. Børsane er stort sett tilbake på same nivåa som før , unnateke Oslo børs , mykje pga. olja (ned 10 % enda). To av børsane i USA er på eit høgare nivå enn før pandemien slo inn. Børsane har tatt seg inn att i håp om at dette her skal ordne seg ganske fort. Dersom vi får ei vaksine i 4. kvartal er det ganske innafor. Det som eigentleg ligg i forventningane på børs er at vi er tilbake allereie neste år med den innteninga ein hadde i 2019. Så kan ein vurdere om det er realistisk eller ikkje. I prosent og kroner og øre så betyr det at vi skal ha ein vekst på 30 % neste år i selskapa si inntening om det her skal sjå greitt ut. No har det falle 30 %, så vi er tilbake til der vi kom i frå og spørsmålet er om vi klarer det i løpet av eitt år. Litt forskjellar mellom økonomiane, Europa er hardast ramme treng nesten  40 % auke.

Då er vi inne på å forvalte formue i eit slikt klima. Kva gjer vi, korleis stillar vi oss til det som skjer rundt oss? Vi ser jo at i det fallet som var på børsane rundt omkring på 34 %, så var det ikkje fullt så ille for dei alle fleste som har midlar til forvaltning eller har investert. Dei fleste har ikkje berre aksjar, men ein kombinasjon av fleire ting, gjerne renteprodukt også. Og det tar jo litt av risikoen vekk.

Døme: I mars så er forholdstala i nesten enno  større grad i høve til kursane som var - børsane ned  34 % (verdsbasis), ein sprett portefølje var ein ned omkring 15 % og halvparten av det i deira portefølje. Over tid så vert ikkje skilnadane så store og skilnaden mellom desse to er på ca. 2 % i året. Men 2 % i året over tid akkumulerer seg til ganske store

Skilnader når tidshorisonten er 20 år. Så det er eit vesentleg poeng at det går roleg for seg og at ein bygg verdiane etterkvart.

Når det gjeld eigedom er det litt høgare enn børs, litt avhengig av kor eigedommane er. Det er store forskjellar.

Dette er tre felt som ein legg vekt på når noko skal investere; -

1.     Avkastingskrav/ forventning

2.     Risikoprofil

3.     Tidshorisont

Ved langt perspektiv  kan ei ha alt i aksje (Oljefondet). Di kortare tidshorisont , jo meir i renteprodukt.

Kva skal vi investere i?

Nedst i «diamanten» er det minst risiko og lågast avkasting. Med dei rentene vi har i dag, vert ein fattigare med bankinnskot, så ein må minst ha eit steg opp til obligasjonar eller rentefond. Der er det heller ikkje veldig mykje å få for tida. ( dei med minst risiko, 1,5 -2 %).

Litt meir risiko, - fond med høg risiko opp til 8 %. Meir avkasting enn det, så må ein investere i aksjar. Kva kan aksjar gje over tid? Ca 9 %  historisk. Ein bør ikkje ha større forhåpningar enn det. Øvst i stigen, opp til 11-12 %, ligg «unoterte» aksjar. Her vert pengane låst i 7 til 10 år og du må betale i forhold til at det er høgare risiko og det kan vere komplekst.

Betalinga til forvaltar varierer i høve til korleis opplegga er satt saman. Snittkunden hos dei er mellom 0,8 – 1 %. Dersom ein har alt i aksjar/ alt i indeksfond er det ca. 1,15 %. Har ein har alt i aksjar og aktiv forvalta fond er det mellom 1,5 % og 2 %.

Ved minst 5 års horisont er det nok til at ein bør inkludere aksjar. Kva slags aksjar og kor mykje ein skal investere avheng av din eigen risikoprofil. Ei moderat portefølje er typisk 60 % i aksjar og 40 % i renter, og har ein halvt om halvt er det i alle fall konservativt.

Det ein ikkje kan gjere med 5 års horisont er å gå i ein del av eigedomsfonda og unorterte aksjar, - det krev minst ein tidshorisont på 7 – 10 år. Det tar typisk 3 – 5 år pengane reisast til den siste krona er investert. Nøkkelordet for investering er spreiing av risiko!

Ein bør ikkje velje enkeltselskap og dei 3 siste er det  90 %  skilnad mellom Oslo Børs og Nasdaq ( Den am. Teknologibørsen). Det bør investerast i fleire forvaltarar og i globale aksjar. Døme frå deira selskap: 10 – 12 forvaltarar eig 800 ulike selskap og ingen av selskapa eig meir enn 2,5 % og det betyr at om eit av selskapa går konkurs så er ikkje pengane borte. 75 % av selskapa er aktive fond! Og desse forvaltarane vert følgt opp kvar dag og om dei ikkje leverar så vert det bytta ut. Det vert legg vekt på er sektor og geografi. Ein vi ha mindre investert i USA ( dei 5 største er for dyre). Dei har erstatta dei med teknologiaksjar, mest i Kina og nokre i Asia elles og mykje investeringar i framveksande marknadar.

Har ein lært noko av pandemien? – Verden blir i dei aller fleste tilfella normal igjen og når alt følast feil, skal ein kjøpe!

Døme: Dei 6 størte teknologi har desidert størst avkastning! ( Berre Apple åleine ha pr. data større verdi enn alle 

oljeselskapa i verda)

Børsverdiar målt mot brutto nasjonalprodukt; - når forholdet mellom børsverdiane og storleiken på økonomien vert for skeivt i favør av børsen, så er det fare på ferde.

Til slutt: Det er ikkje noko alternativ til å investere i aksjar, sett i høve til rentenivået.

 

 



Referat: Steinar Nordmo

 

 

 


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS