Julemøtet 2020

Sjølv med korona-pandemien som skummelt bakteppe vart det eit gildt julemøte og årsmøte den 16. desember. Med 18 påmelde heldt klubben seg innanfor tilrådinga frå styresmaktene. Klubben fekk til og med helsing frå Daniel Pedrosa i Belo Horizonte, Brasil!

Sykkylven Rotary Klubb, Julemøte og Årsmøte, den 16. desember 2020 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg

I forkant av møtet vart «Ode To Joy» eller «An die Freude» frå Beethoven sin Symfoni nr. 9 vist på skjermen frå YouTube  med solistar og orkester, dirigert av André Rieu. 


Grunn: Beethoven-året 2020 går mot slutten, og heile året har Ludvig van Beethoven vore feira jorda rundt, etter som han vart fødd (usikker dato) i året 1770, for 250 år sidan. President Knut hadde til og med forska seg fram til at dette var sjølvaste dåpsdagen til den gode Ludvig. Ikkje noko mindre!

President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte, julemøte og årsmøte. Ingen gjester. Etter påmelding pga Korona-pandemi, 17 frammøtte.

Namnedag i dag for Oddbjørg og Oddbjørn. Odd er norrønt for «spydspiss». Presidenten markerte så 250 års jubileumsåret for Beethoven. Sjå over.

Fødselsdag for Piet Hein, f. 1905-d. 1996, Liv Ullmann f. 1938, Leif Jarle Aure, f. på denne dagen i 1950. Frå førre møte og framover til over nyttår: Helge Standal, Kristin Grebstad, Odd Holen, Knut Vollstad, Bjørg D. Velle.

Olav introduserte Musikk: Stille Nach, sunge av Ex Cathedra Chamber Choir, dir. Jeffrey Skidmore. (CD DCA 912) og vidare….

Allsong: Det lyser i stille grender.

Statistikk:   

3-minutt:  Einingsleiar Steinar Klokk: Vikedalen barnehage. Mykje og heilt sikkert vel fortent ros til staben, borna og til entusiastiske foreldre.  Barnehagen har 78 plassar, fordelt på fire avdelingar.  I år er det 58 barn som har plass, og dette talet varierer frå år til år. Dei tilsette utgjer 14 årsverk, med tillegg av  personale for barn som har fått ekstra ressursar. Kompetansenivået har auka betydeleg dei siste 10-15 åra. Målet er å gje barna ein best mogeleg start for «reisa»  gjennom  ulike  skular og det som i dag ofte vert kalla livslang opplæring.


Presidenten orienterte litt om koronatiltaka i samband med klubbmøta. Det vart vidare bestemt at neste møte vert sett til onsdag 20. januar, viss smitte-situasjonen gjer det mogeleg.

Julehelsing frå Daniel i Brasil: Knut Jarle gav så ordet til Olav P, som etter Instagram-kommunikasjon med vår utvekslingsstudent (2016-2017) Daniel Pedrosa frå Belo Horizonte i Brasil hadde sendt julehelsing til Sykkylven Rotary Klubb.


«Helsing i sky» er vel kjent gjennom Jule-evangeliet, men denne gongen kom ho frå iCloud-skya, i form av eit lite julebrev og ein aldeles nykomponert og nydikta song på portugisisk, med hovud-innhald om «Ingen ting er forgjeves!» Videoen/ songen - framført til eige akkompagnement på gitar - vart vist på veggen og hausta vel fortent applaus. Mot slutten av møtet kvitterte presidenten og møte-deltakarane med ei video-helsing i retur, og denne helsinga var same kveld ekspedert via Dropbox-skya til Daniel i Brasil. Takk til Daniel, og også til leiar i PR/ Info Roald Mork, som med sin spisskompetanse på koplinga frå mobiltelefon/ mobilnett, via PC til dataprosjektøren og lerretet på veggen. Alt er lett når ein kan det! God jul – også til alle i Belo Horizonte!

P.S.: Videoen er som sagt opplasta til Dropbox, og rotarymedlemmer som ønskjer det kan få tilgang, slik at dei kan sjå «Helsing i sky» på sin eigen datamaskin.

Matøkt/ Juletallerk/ kaffipause. Etter bordvers med juletone, vart det servert delikat og koronafri juletallerk til kvar enkelt. Vår dyktige Kjellaug Roald med ansvar for servering på alle møta, veit kva som høver og smakar godt, også til jul!

Årsmøte:

President Elect (frå det amerikanske vokabularet i desse tider) Roger Kornberg orienterte om Framlegg til vedtak: (tidlegare vedtak/ val: Roger blir ny president frå 1. juli 2021.) John Henrik Welle, visepresident. John blir dermed ny president frå 1. juli 2022. Vidare ser lista for SRK slik ut:

Past President: Knut Jarle Vik. Kasserar (ny) Hallgeir Lade. Sekretær (attval) Kristin Grebstad. CYEO (helst attval, men ikkje oppnådd kontakt med ho) Ingjerd Asbjørnsen. CICO (attval) Roald Mork. TRF (attval) Jan Fredriksen. Program (attval) Geir Løseth. Revisor (attval) Kai Otto Roald. Vedteke med akklamasjon.

Rekneskap: revidert og utsend til medlemmene. Kort gjennomgang på skjermen. Samrøystes vedteke. Klubben har god likviditet.

Årsmelding for 2019-2020, v/ Past President, Petter Velle:  Ingen merknader. Meldinga teken til vitande.

Avslutting: President Knut Jarle ønska alle ei retteleg God Jul og vel møtt i eit Nytt År 2021. Deretter, som tradisjonen er…

Allsong: Deilig er jorden, til pianoakk. v/ Olav P

Siste post/ Ymse: Fotografering og video-OPtak til Daniel i Belo Horizonte.

Presidenten helsar, og alle – aldeles samrøystes: God Jul! Godt Nytt År!  




 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS