SYKKYLVEN KULTURHUS

Etter "korona-pause" heilt frå julemøtet den 16. desember, samlast klubbmedlemmer for første gong i 2021, 17. mars, i Sykkylven kulturhus. Her fortalde einingsleiar for kultur, Halstein Kurseth, om huset, og om driftinga av det. Les referat her.

Sykkylven Rotary Klubb, Bedriftsbesøk_Sykkylven kulturhus, den 17. mars 2021 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg

Møtet denne kvelden var det første etter julemøtet den 16. desember 2020. Korona-pandemien med tilhøyrande «tilrådingar» frå Folkehelseinstituttet og Regjeringa har såleis teke frå oss alle møta i januar, februar og halve mars. Dette, i tillegg til lange, møtefri periodar etter 11. mars 2020. Påmelding til møtet.


President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til møtet, denne gongen lagt til Foajéen i kulturhuset. Einingsleiar for kultur, Halstein Kurseth, kledde godt begge rollene både som Rotary sin møtegjest og som vertskap på huset.
Informasjon: Presidenten orienterte om noverande situasjon i lys av korona-pandemien. Det meste er prega av uvisse. Han nemnde spesielt at neste møte, den 24. mars, blir også å rekne som eit bedrifts-besøk, lagt til Sykkylven kyrkje, der kyrkjeverje Arild Sporsheim vil vere vertskap. Arild hadde til og med mobilisert kantor Rose Iren Stave med musikk til det møtet. Slett ikkje alle rotaryklubbar som kan skilte med slikt eit møteprogram!
Etter påske vil det bli møtestopp igjen, uvisst kor lenge. Dugnad i Kyrkjeparken vil truleg gå som vanleg. Det vil bli informert via e-post og på
www.sykkylven.rotary.no
Det vil bli kalla inn til styremøte den 24. mars.
Presidenten nemnde elles kort namna i den lange lista av medlemmer som hadde hatt bursdag etter julemøtet.

 Allsong: Etter som songbøkene våre ikkje var til stades på Kulturhuset, gjorde Olav framlegg om å syngje – papirlaust – dei fem strofene av Nordmannen: Mellom bakkar og berg. Melodien her er den same som går til våre to «kortreiste» rotarysongar, dikta av Henrik Straumsheim og Kårstein Blindheim. (Presidenten minte medlemmene på at flygelet i foajéen er det som Kårstein eigde medan han levde. Av og til blir det rulla fram til bruk, og det er rekna som eit godt instrument.) Med Olav som stø føresongar drog vi det heile i land, utan å gjere skam på Sykkylven kulturhus. «…og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå.»

Matøkt:
meny med velsmakande sveler og kaffi gav god smørjing til både snakketøy og kaffitørste strupar, og eit godt grunnlag vart lagt for å ta mot kveldens føredrag frå einingsleiar Halstein,- som opna med å ønskje oss velkomne til Kulturhuset.

Orientering om Sykkylven kulturhus: Året 2020 var eit veldig spesielt år for huset. M.a. hadde det vore stengt i to månader frå mars. Ei gruppe som jobba med smittevern brukte då foajéen som sin møtestad. Trass i nedstenginga, hadde likevel huset 187 arrangement: medrekna kommunale møte, men utanom øvingar av ymse slag. Storsalen med sine 320 plassar totalt og Elvesalen (82 kv.m.) var mykje brukte gjennom hausthalvåret. Rundt 60 arr. vart avlyste gjennom året, grunna pandemien. Dette førte til betydeleg tap av inntekt. Kinodrifta vart også råka, med tap av besøk på 58 prosent,- noko nær gjennomsnitt for landet. Sykkylven kulturskule har 5-6 øvingsrom. I tillegg nyttar dei både Storsalen og Elvesalen til dans på onsdagar. Dans har elles sigla opp som eit stort fag i kulturskulen, med 70-80 elevar som øver kvar veke. Samla elevtal for undervisning er 210. Musikk, dans, drama, teikning…

Litt historie: Sykkylven kommune tok over huset hausten 2009. Før den tid leigde kommunen lokale etter behov. I 2010 blei arbeidet med å legge nytt tak over Storsalen starta, og salen vart teken i bruk igjen frå hausten same året. Ei tid seinare vedtok kommunen å etablere kino, noko som fall saman med digitalisering av kinoane i heile landet. Sykkylven kino opna i 2013… i Petter Lyshol si tid som ordførar. I samband med dette vart det investert betydelege beløp til kinorom og turvande utstyr. Noverande lydanlegg og lysanlegg frå 2018-19, 3D utstyr og lerret er av god kvalitet. I 2018 var det 11000 som besøkte kinoen. Dette er særs bra, i ein kommune med 7700 innbyggarar. Då den nye kinoen på Moa kom i 2019, merka Sykkylven kino nedgang i besøkstalet, til 8000.
Samla sett kan ein seie at i dag ligg tilhøva godt til rette for konsertframføringar og andre tilskipingar. Seinast sist fredag hadde huset besøk av Stjernekamp-vinnar 2020 på NRK TV, Knut Marius Djupvik, frå Tomrefjord, med band… med «ein av dei argaste konsertane som har vore på huset»… i følgje Halstein si vurdering til lokalavisa Nyss. Korona-tilrådingar som stadig skifter gjer at det er heller vanskeleg å planlegge på lang sikt. Då Djupvik-konserten vart annonsert, var det 200-grense gjeldande. Billettane vart utselde nokså kjapt. På konsert-dagen var grensa 100, med påfølgjande attendebetaling. Både Lars Bremnes, Elisabeth Andreassen  og Stephen Ackles har hatt flotte konsertar i «nyare tid». Derimot må konserten med den eminente polske pianisten Greg Niemczuk den 4. mai gå ut, grunna pandemi og innreiseforbod til Noreg.
Vi som har kjøpt billett, vil få refundert kostnaden. Håpet er at frå kommande haust vil det bli tilnærma normal drift igjen på huset.
«Livssynsnøytralt seremonirom» vart nemnt som stikkord frå Arild. Anten det no er Humanetisk Forbund eller andre som ønskjer gravferd eller andre seremoniar utan «innblanding» frå kyrkja, er det no eit rom på kulturhuset til dette føremålet. Halstein opplyste at til no hadde det vore brukt to gonger til gravferd. Han fortalde også litt, etter spørsmål, om eigar/ brukstilhøvet for Sykkylven Ungdomslag, som opphaveleg var medeigar i huset, men som vart utkjøpt av kommunen. Etter nytt spørsmål frå salen fortalde einingsleiar Halstein at han brukte ca. 50 % av stillinga si på Kulturhus/ Kino. Bestillingar og  planar, rapportar, samarbeid med andre kommunar etc. – det er nokså mykje som følgjer med å drifte kulturhuset og heile kulturetaten.

Ei interessert og engasjert forsamling kvitterte med sterk applaus for informasjon og orientering frå Halstein Kurseth, og han fekk «noko innpakka» og hjartans takk frå president Knut Jarle Vik.

Vel heim, og vel møtt i Sykkylven kyrkje onsdag den 24. mars.

 


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS