Rotarymøte 1. september 2021

Rotarymøte 1. september 2021

 

President Roger Kornberg yngste velkommen og minte oss om at i dag er det 1. haustdagen.
Etter Primstaven var dagen merka Kvernknarren

I sin oppsummering om hendingane på denne dag så nemde han mellom anna:
I 1985 vart vraket av «Titanic» funne på ca. 4000 m djup.  
Etter kollisjon med isfjell ved Newfoundland 15. april 1912.  I 1939 angreip Tyskland polen og 2. verdskrig var i gong.  I 1854 vart Noregs fyrste jernbane opna. Det varr hovudbana melom Oslo og Eidsvoll.
Namnedag: Solveig og Solvor.

Sekretæren
kunne fortelle at Kai Otto Roald fyller 70 år i dag.


Songen denne dagen var Vestland.
Ove Straumsheim tok opp tonen.

Bjørg Dyrkorn Velle hadde 3-minutt og tema  var Sætra vår – Sætring
Det er i år 40 år sidan dei starta med arbeidet på fellessætra i Sunndalen.  I Sunndalen har det vore sætring langt tilbake i tid. Det vitnar både funn og dei mange gamle namna i området om. Då bøndene på Aure starta dette arbeide var det fyrst og fremst for å få meir fritid, meir areal og for å få beitedyra vekk frå sentrum. Det er ikkje lett å kombinere beitande dyr med tettbygd strøk.
Bruken av sætrane gjekk i mange år nedover. Etter at sætring vart ein del av jordbruksavtalen har fleire valt å halde fram med sætringa.  Det vert no arbeidd med å få sæterdrift inn på verdsarvlista til UNESCO.  Sæterdrifta kan knytast mot kvinnekultur og mathandverk. Dette er det viktig å ta vare på.

Hovudtema i dag  hadde Knut Henning Aursnes i Brødrene Aursnes AS. 


Brødrene Aursnes AS er eigd av Knut Henning og Petter Andre Aursnes. Dei har pr. i dag 10 eigne tilsette og leiger inn om lag 8 årsverk. Dei har oppdrag både med nybygg, rehabilitering og dei har og elementproduksjon. Forhandlar Systemhus og Saltdalshytta. Budsjett i 2021 på 28,5 mill.  Ordrereserve på om lag 31,5 mill.
Han prata om utfordringane i byggsektoren.
Dei to største utfordringane i dag er:
            Mangel på arbeidskraft og
            Auka materialpriser 
Mangel på arbeidskraft er eit problem både lokalt og nasjonalt.  Austeuropearane som vi har vorte så avhengige av kjem ikkje tilbake etter nedstenginga pga Covid 19. Dei har fått betre levevilkår heime både i Polen og i Litauen. Det er desse landa Aursnes har rekruttert arbeidarar frå.  I tillegg så har krona vore svak mot EUR og det fører til at dei får mindre pengar når dei kjem heim og vekslar løna i sin valuta. 
Vi har lite norske tømrarar fordi statusen og lønningane gjekk ned for nokre år sidan. Sjølv om lønningane no er høge og statusen har auka så er det framleis lite nordmenn som tek tømrer-utdanning. 
Aursnes treng pr i dag seks tømrarar og dei må no seie frå seg oppdrag pga at dei ikkje har kapasitet. 

Auka materialkostnad har stor betydning for dei som bygg no. Kostnaden for tre og stål har auka med om lag 50%. Det kjem stadig meldingar om prisauke frå leverandørar.  Grunngjevinga er lavare produksjon pga Covid 19. I tillegg er det skogbrannar og billeangrep i Canada. Også fraktkostnadane har stege. Ein ser heller ikkje vekk frå at ein del av prisauken skuldast at enkelte nytter høve til å auke prisane når andre gjer det.
Det er kundane som til slutt set med rekninga. Så langt ser det ut som at folk tør bygge som før.

 

Ref: Petter Velle


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS