NEO Sykkylven

President Roger helsa velkomen  til Petter Harald Sætre og vår eigen Petter Velle, som vil fortelje og det nystarta firmaet deira NEO Sykkylven AS, og ellers til gjesten Jan Steinar Bolstad.  

Ellers på denne datoen nemnte han fylgjande frå historia:

20. oktober 1814 gjekk Norge i union med Sverige,  og den varte som kjent fram til 1905.

20. oktober 1973 vart eit kjent kulturbygg opna, nemleg  Operahuset,  hovudlandemerket i Sydney Australia – det var 11 år seinare enn planlagt,  og ikkje nok med det,  kostnadsoverskridinga  var 14 gonger meir enn budsjettet !

Det var for øvrig den danske arkitekten Jørn Utzon som teikna dette bygget.

20.oktober i 1910 vart skipet RMS Olympic sjøsett – det var i drift i 25 år i transatlantisk skipsfart

 

Namnedag  20. oktober:   Henrik, Henrikke og Heine

Fødselsdag 20. oktober 1939 har den første kvinnelege  biskopen,  Rosemarie Køhn.

 

Deretter fekk sekretær Kristin ordet,  og ho kunne fortelje at frammøtet på forrige møtet 13. oktober var på 63, 8%

Bursdager i klubben i komande veke;  Per Ringdal blir 74 år og Øyvind Østvik blir 79 år, begge den 16. oktober

Allsong

Olav introduserte songen Gladsang og akkopagnerte som vanleg til den  på gitar – vi song 3 vers av denne.

3-minutt

Dagens 3- minutt var ved  Steinar Nordmo,  og han var i det poetiske hjørnet -   sa han var blitt inspirert av Henrik Straumsheim som var tema på 3- minutt-innlegget til Knut Vollstad,  på det forrige Rotarymøtet.  Han hadde laga ein  historikk, på rim,  av Pandemien;

PANDEMIEN

Den 12. mars i totusen og tjue

En dag vi husker med gru

Den dagen blei landet snudd heilt på hue

Vi visst ikkje ka vi sku tru

 

En pest som kom fra en by bort i Kina

Var nådd heilt til Norge i nord

Vi blei både redd og forfær og forbina

Og usikkerheita va stor

 

No stengte dem landet, vi måtte vær hjemme

Og ingen kunn reise på tur

Det blei også slutt med å hilse og klemme

Ikkje rart at så mange blei sur

 

Vi lurte jo på kor leng det sku vare

Var vel slutt ut på våren en gang

Men det viste seg snart at dette var bare 

En start på en lengre farang

 

Og dagane gikk og uker blei måna

Og pesten den spredde  seg fort

Og mange blei sjuk mens vårsnøen bråna

Og vi holdt oss i hver vår kohort

 

Om sommaren blei det litt lettare tider

For smitten den minka jo litt

Og vi håpa jo på at vi kanskje omsider

Fikk leve og puste litt fritt

 

Men høsten den kom med mørkare skya

Og landet blei stengt ned igjen

For smitten den auka i bygd og i bya

Den inntok hver einaste grend

 

Og vi blei jo eksperta på avstand og maske

Det lærte vi litt etter litt

Vi har også lært oss å rense og vaske

Og få bort all virus med sprit

 

Og vinteren kom med snøslaps og kulde

Man fikk lyst til å rase og grine

Det hadd ikkje blitt slik vi håpte det skulle

No må dem få til en vaksine

 

Og jula den kom og vaksinen var laga

No måtte vel all ting bli bra

Vi såg fram til vårsol og lysare daga

Vi følte oss lette og glad

 

Men igjen så gikk tida, vi syns det blei lenge

Før samfunnet kunn åpnes opp

No følte vi verkelig vi kunne trenge

Litt lette for sjel og for kropp

 

En ny sommer gikk, og så var vi der

At de sa at det verste er over

Eg vil ikkje framstå som skeptisk og sær

Men no håp er det blir slik de lover

 

At vi slepp det med meter og masker igjen

To ord vi neppe vil glemme

Og no kan vi møte hver eneste venn

For no kan man hilse og klemme

  

Steinar Nordmo

 

Hovedtema

Hovudforedraget på dagens møte var frå det nystarta  firmaet NEO Sykkylven AS, som er eigd av Petter Harald Sætre og Petter Velle, frå  respektive Greip samdrift og Jogarden på Velle

NEO står for Nitrogen Enriched Organic Fertilizer.  NEO Sykkylven AS har som mål å produsere gjødsel ved å behandle husdyrgjødsla slik at den blir meir effektiv  -   den vil doble nitrogeninnhaldet i gjødsla,  og forsøk har vist at den gjennomsnittlege avlingsauken er 41% i forhold til  ubehandla husdyrgjødsel.

 

Firmaet N2 Applied har nemleg funne ein metode for å auke nitrogeninnhaldet og stoppe metan- og ammoniakkutsleppet frå flytande husdyrgjødsel,  og dei har no plassert ut ein pilot  i Jogarden på Velle.    Der skal dei behandle gjødsla frå Jogarden og frå Greip samdrift.

Dette er den einaste piloten i Norge,  men firmaet har også pilotar plassert ut i andre land,  og målet for firmaet til slutt er å få utstyret i kommersiell produksjon. 

 

Petter Velle fekk ideen til dette på ein fagkonferanse på Giske for 2 år sidan, i regi av Bondelaget,  der ein representant frå firmaet N2 Applied kom med ein «teaser» om dette temaet som vil kunne få stor nytte for landbruket framover.   Han tok kontakt med dei i etterkant og viste si interesse for temaet.

I fjor deltok firmaet igjen på Giskekonferansen, der dei heldt eit foredrag om temaet, og i samband med dette besøket fekk dei til ein avtale om å plassere ut ein pilot i Sykkylven – for å teste ut utstyret og måle resultat.

 

Utstyret er plassert i ein container som står attmed fjøsen i Jogarden og det blir fjernstyrt av folka i firmaet N2 Applied. 

Før gjødsla blir behandla,  så går den gjennom ein seperator,  der tørrstoffet i gjødsla blir skilt ifrå,  og den flytande delen går gjennom ei foredling og blir til slutt NEO-gjødsel.  Til dette trengs det energi i form av elektrisk kraft, og det kjøper ein frå kraftselskapet  Velle Kraft AS,  som Petter Velle er deleigar i.  Økonomien i prosjektet er sjølvsagt avhengig av prisen på energi og her er det meininga å køyre anlegget når alternativ bruk av straumen er låg. 

Den faste delen av gjødsla,  tørrstoffet, inneheld mykje fosfor og kan brukast til jordforbetring,   eller det blir så tørt,  at den kan brukast til strø under dyra.

Det skal bli spennande å sjå korleis dette prosjektet utviklar seg !

 

Her er nokre av plansjane som vart vist i foredraget:





 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS