Digitalisering av skulen v/ Monika Søvik Hjelmevoll

Sykkylven Rotaryklubb møte onsdag 1. desember  2021

Tema. Digitalisering av skulen v/ Monika Søvik Hjelmevoll, som er skulefagleg rådgjevar i kommunen og fungerande rektor ved Jarnes skule 

President Roger ynskte velkomen til møtet og spesielt til dagens gjest Monika Søvik Hjelmevoll. 

Han refererte deretter til tidlegare hendingar på denne datoen 1. desember.

Internasjonal AIDS-dag, som vart innført i 1991,  for å rette søkelyset mot AIDS-  og HIV-epidemien si spredning;  Ved utgangen av 2020 har ca 36 millionar menneske døydd av AIDS og ca 37 millionar lever med hivsmitte,  som dermed er ei av dei verste helsekatastrofer i historia.  Sjølv om der fins effektiv behandling,  så har dei fleste hivsmitta i fattige land ikkje tilgang til dette.

Namnedag: Arnold ,Arnt og Arnljot etter fransiskanermunken Arnold som reiste som misjonær til Kina i 1303

I 1835 publiserte H.C.Andersen si første eventyrbok

I 1918 vedtok det danske Folketinget Island si uavhengigheit

I 1948 kom teikneseriebladet Donald Duck ut for første gong i Norge

I 1998 sank oljeprisen for første gong sidan 1968 til under 10 dollar fatet

Den norske forfatteren Jakob Sande vart fødd 1. desember i 1906 og døydde i 1967

 

Allsong

Først heidra vi dagens bursdagsbarn, Odd Holen, som fylte 74 år,  med ein bursdagssong

Deretter song vi «No snøen legg seg så kvit og lett»

3-minutt

Jan Kåre Aurdal heldt dagens 3- minutt – innlegg

Historia om Valid!

Når vi følge med på nyheitene så høyre vi om mykje trist og om krig og folk som blir drept. Vi høyre så mykje at vi nesten ikkje klarer å absorbere alt.

Men hvis vi høyre ei enkelt histore om ein person og spesielt eit barn, då får det ei heilt anna virkning, iallfall for meg. Då blir det nærare.

Ein kollega av kona mi var i Syria forleden og kom heim med ei sterk historie om det ein gut opplevde der nede. Dei driv hjelpearbeid i fleire land.

Historia handler om ein gut som bodde i Syria. Han rømte fra Syria då han var 7 år, i dag er han 16.

Men vi skal gå tilbake til 2012 då dette hente med Valid.

Eg høyrde historia frå ein som var i Libanon nylig i forbindelse med internasjonalt hjelpearbeid.

Denne mannen møtte Valid og fekk høyre kva han hadde opplevd.

Valid sat saman med psykologen sin, ein psykolog som hadde hjelpt han.

 

Valid huska ikkje så mykje frå Syria, men det var ein ting han huska veldig godt, noko som hadde brent seg inni minnet hans.

Han gjekk oppover gata der han budde, og så kom det ei gul taxi som køyrde forbi han. 

 

Og i det same så høyrde og såg han eit helikopter rett over han, og like etter så ser han at det vert sleppt ei bombe frå helikpteret som treff taxien der alt vert sprengt i lufta.

 

Det neste han ser er kroppsdeler som ligg utover gata. Så vert folk i gata livredde og begynne å springe vekk fra helikopteret, men då vert dei skotne medan dei spring, og Valid ser at dei vert drept. 

 

Dette var Assads sin hær eller soldater som gjorde dette for å skremme innbyggarane til ikkje å gjere motstand.

 

Rett etter dette så rømme Valid til Libanon, sikkert saman med andre og kjem seg i live dit. Han har bodd på ein barneheim i desse åra som har gått. Dei andre i familien hans er alle drept, unntatt faren, men han veit vi ikkje så mykje om.

 

Det at Valid har fått gått til psykolog har nok hjelpt han å bearbeide ein slik grusom opplevelse. Kor det vil gå med han vil berre tida vise.

 

Men vi kan no tenke kva som skjer inne i sinnet og hovudet til barn og unge som opplever slikt. Får dei ikkje hjelp så kan det føre til mykje. Dei fleste får ikkje det.

 

Historia er jo utenkelig for oss. Eg trur ikkje vi klarer å tenke oss inni i ein slik opplevelse, men dette er det tusenvis som oppleve, ikkje berre i Syria, men i mange land.

 

Vi også kan oppleve vanskelege og vonde ting i livet, men utfordringane våre er nok ikkje så dramatiske.

 

Denne historia høyrde eg for kort tid sia, og en ting at det er forferdeleg. Men tenke også på kor godt vi har det i vårt land.

 

Men eg syns det er mange farer rundt oss, vi ser kor det tilspisser seg mellom Russland og Ukraina, og på Balkan. Det ekje så langt unna.

 

Grunnen til at eg valgte å fortelle det her er at vi er heldige som bor i Sykkylven og Norge. Den tanken e verdt å tenke. 

Og å reflektere over kor vi har det i forhold til andre.

Hovedtema

Dagens hovudtema var «Digital satsing i skulen» ved Monika Søvik Hjelmevoll,  som er skulefagleg rådgjevar i kommunen,  og for tida fungerande rektor ved Jarnes skule.

Ho orienterte om den digitale satsinga for skulen i Sykkylven der dei overordna måla står i «Strategiplan for skuleeigar 2019 – 2023».

Alle skulane skulle gjennomgå ein pedagogisk kompetansepakke som kom med Korona-perioden,  der klasseundervisning i periodar vart avlyst og elevane måtte halde seg heime – kvar enkelt elev har fått si Chromebook,  som er ei datamaskin som skal gjere ting raskare og enklare,  og lagre dataene i nettskya.  Den skal fungere som 2-vegs-kommunikasjon mellom elev og lærar.  Det vart gitt statleg støtte til dette og ein kan sei at den digitale utviklinga vart framskunda på grunn av Koronapandemien og mangel på fysiske samlingar.

Eit sentralt instrument i dette er «Skolestudio»,  Gyldendals digitale læringsmiljø for fagfornyinga og der alle digitale læremiddel er samla.  Der er det eit rikt, tverrfagleg og dekkjande innhald i alle fag og på alle trinn.  Skolestudio hjelper læraren i planlegging, gjennomføring og oppfølging av undervisninga.  Det skal også lett kunne tilpassast den enkelte elev sine behov.

Ho meiner at det den digitale satsinga er viktig ikkje å tenkje som enten eller, men både og – vidare at framtida er digital, men svært viktig med variasjon i undervisninga !

 

Refererent

Bastian Weiberg-Aurdal


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS