Kyrkjepark og konfirmasjon

Kyrkjepark og konfirmasjon


Like visst som mai kjem «med blad og blomar», like visst stiller dugnadsgjengen frå rotaryklubben i Sykkylven til dugnad for å gjere Kyrkjeparken vakker til glede for brukarane. 

Ti varmegrader og lett overskya er tilnærma idealvȇr for den som vil gjere eit arbeid i hagen – for ikkje å seie i ein park som Kyrkjeparken! Til helga vil her samlast konfirmantar med familie og kanskje tilreisande frå andre stader i landet, og alle vil dei gjerne bere med seg eit godt inntrykk frå ei vellykka samling på ein stor og viktig dag for familien. 

Dugnad 

Sykkylven Rotary Klubb har lang tradisjon for raking og rydding ved den nye kyrkja, som etter kvart har blitt trettito år. Innsats eit par timar frå nærare tjue klubbmedlemmer viser så visst att – ikkje minst når lasset med kvister, ugras og anna rusk er klart til å køyrast vekk. I år hadde den kommunale feie-bilen effektivt sopa opp strøsand, småstein og rusk i vegbana, men der var rikeleg att på grøntareala og i blomsterbeda til å gripe tak i. Så får det heller våge seg at våryre, skrattande skjorer finn mindre tilfang til reira sine. 

Samhandling og sosial gevinst

Innsats for felles formål gjev alltid gevinst i lyd og lag som driv godt. Ein god del av gevinsten er av sosial art: vennskap og felles interesser gjev oftast ein endå grønare farge på «botnlinja» enn om ikkje dugnadsånda hadde fått utfalde seg. Med til opplegget høyrer også ein god kaffi- eller tekopp, med noko attåt. Dette siste fann stad midtvegs i økta, i beste Rotary tradisjon. Leikeplassen midt i parken var som vanleg den perfekte samlingsstad for matpausen. SRK-president Roger Kornberg understreka Rotary sin lange dugnadstradisjon både her ved kyrkja og i samband med Speidarbo, hytta ved Speidarvegen. Rotaryanar og kyrkjeverje Arild Sporsheim og Roger er samde om at etter som vi er inne i «Frivillighetsåret» er det ekstra stas å få gjere ein innsats som viser igjen på ein så sentral stad i bygda. Det er heller ingen tvil om at slik innsats er i beste Rotary-ånd «Service Above Self». 

Dugande rotaryanarar på dugnad i Kyrkjeparken: 

bak, frå venstre Knut Jarle Vik, Geir Løseth, Knut Vollstad, Oddbjørn Ramstad, Bjørg Dyrkorn Velle, Roger Kornberg, Arild Sporsheim, Nils Arve Kjemphol, Knut Martin Molnes, Bastian Weiberg-Aurdal, Olaf Ellingsen, Per Ringdal, Sindre Stuen, Hallgeir Lade, Geir Brekke. 

 

 







Før: Knut Molnes klar til å fjerne visna blad og rusk framfor kyrkja sin hovudinngang. 

Etter: grunnen er klar for ny årsvekst! «Kom mai med blad og blomar…»

 

 

 

 






Geir, Oddbjørn, Bjørg, Nils og Knut gjer det vakkert framfor minnesteinen over dei falne frå Sykkylven under Fridomskrigen 1940-1945. 

 









Matpause: Kyrkjeverje og vertskap Arild serverer kveitebrød av høg kvalitet til Per. Kjellaug Roald er meisterleg kveitebrød-produsent.

 

 

 

 







Nils, Bjørg og Roger set pris på ein pause med god prat, kaffi og kveitebrød.

 

 

 

 

 

 

 





Dugnaden går mot slutten og resultatet viser godt att i den romslege tilhengaren frå Sykkylven kommune. 

 

 

 

 

 

 

    

 

 

 








Sykkylven Rotary Klubb, Olav Pileberg, tekst og foto, for Nyss i veke 18/19, 2022.


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS