Rotary-dugnad i Kyrkjeparken

«Kom mai, du skjønne, milde…» Mai er månaden som alle gleder seg til: konfirmantar, musikantar, unge, aldrande og eldre. Å leike, rusle rundt, eller berre sitje på ein benk og trekke inn lufta av vår. Kanskje nyte synet av det norske flagget i flaggstanga; «Det er Norge i rødt, hvitt og blått!»


I alle år sidan kyrkja vart innvigd i 1990 og parken var klar, har Rotary-klubben lagt si ære i at parken skulle vise seg frå si beste side frå mai av. Graving, klipping og raking, – vekk med ugras, kvister, plast, boksar og anna rusk og rask som skjer i augene. Konseptet er stort sett det same, frå år til år: Sykkylven kommune stiller traktor med romsleg tilhengar til rådvelde; så takk, Oterhals og Tekniske tenester! Dei fleste medlemmene i klubben har hage sjølve, og såleis bra greie på kva som skal til. Dei kan også å behandle ei motorsag, om detskulle vere nødvendig. Stemninga er vanleg munter, og særleg når kaffikoppen og eit fat med sveler kjem på bordet omtrent halvvegs i dugnaden, går drøset livleg. I fjor måtte dugnadskvelden utsetjast ei veke, grunna eit utriveleg v
êr. Denne gongen var det snø og litt regn til over lunsj, men så klarna det opp, og resten av dagen var det solskin, fryd og gaman, og attpåtil fullmåne etterpå. Perfekt timing! Rotary-president Knut Henning Aursnes var i Oslo denne kvelden, men i hans stad fekk vi innkommande president Nils Arve Kjemphol Schwartz og dugnads-ansvarleg Knut Jarle Vik til å kommentere. Dei streka begge under kor viktig ei slik oppgåve er, ikkje berre for kyrkja og kommunen, men også for klubbmedlemmene. Felles innsats mot felles mål styrkjer samhaldet. Dessutan er arbeidet viktig for oss alle som bryr seg om bygda vår og området rundt Sykkylven kyrkje.


 

 

  

 

 

 

 

 Utruleg gøy: Ingjerd og Greta demonstrerer dobbelt-disse på leikeplassen.

Innkommande president i Sykkylven Rotary Klubb, Nils Kjemphol Schwartz og dugnadssjef Knut Vik har god kontroll på arbeidet.










Med Nils ved rattet på den kommunale traktoren kjem rusket presis på plass.                                                                       
                                                    Bilde til høgre.: Svein Erik, Sindre, Olaf, Roger, Knut Jarle: dei stilte velvillig opp for fotografen.


Først bilde, så mat. Bak, frå venstre: Knut Jarle, Ilyas, Sindre, Svein Erik, Steven, Audun, Helge, Knut, Ove,
Framme, frå venstre: Steinar, Roger, Nils, Ingjerd, Greta, Bastian, Odd, Jan, Olaf. Olav fotograf bak kamera.

Sykkylven Rotary Klubb, Olav Pileberg, tekst og foto, for Nyss, den  26. april, 2024.


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS