Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.


Referat frå Rotarymøte 23. august 17:

President Bastian ønska alle vel møtt, og spesielt dei 3 speiderne Erik, Even og Karl Johan. Applaus!

Deretter fortalte han at denne datoen har Signe og Signy sin namnedag.

I 1450 blei unionen med Danmark traktatfesta og dansk blei det offisielle språket i begge land.

I 1963 gjekk regjeringa Gerhardsen av pga. Kings Bay - saka.

Og til sist nevnte Bastian at Berlin i 1999 på nytt blei hovedstad i Tyskland.

 

Trubadur Olav hadde funne ein skikkelig frisk song: «Flickorna i Småland». Det blir det synge om «lingon» som er det svenske ordet for tyttebær. Og vi er vel i starten på den sesongen.

Sekretæren glimra med sitt fravær, derfor ingen opplysninger frå det hald.

3- minutt var ved Ove: Siden vi har besøk av speiderne, fortalte han at han sjøl var speider på 1950- tallet. Dei kalla seg «Ulvungene». Så vidt referent forstår, blei det av og til litt «fight» mellom «Ulvene» og andre speidergrupper.

Men det var ikkje si tidligere speiderkarriere han ville snakke om. Derimot si aktive notid som pensjonist: Denne tida delte han opp i 5 bolker:

-          Hus og heim.

-          Dreng for Otto Magne.

-          Avslutning av engasjement som telefonkontakt i Kirkens SOS. Dette på grunn av, etter kvart, nedsatt høyrsel.

-          Digitalisering av ca. 300 familiebilder. Kvar av dei 5 barna er lova kvar si mappe. Han har også satt i gang å fotografere og digitalisere alt som er av verdi på garden, både når det gjeld kulturell verdi og affeksjonsverdi. I det heile tatt, alt som er av verdi for garden og etterkommerne.

-          Til sist, men ikkje minst, nevnte han at han, saman med vår trubadur Olav, er i gang med å harmonisere gamle, religiøse folketoner for brassband. Dei har også knytta til seg kapasiteter som Askjell Molvær og kulturskulerektor Erlend Eide. Fylket er også inne i bilde med bl.a. fylkeskultursekretær. Dette er av betydning for finansiering av prosjektet. Til no er 7 av 12 – 15 melodier harmonisert.

Eit usedvanlig innhaldsrikt 3 minutt av Ove.

President Bastian gav eit kort referat frå Styremøtet vårt 16. august. Hallstein bad også om ordet for ei lynkjapp «framsnakking» av den nye Facebooksida vår. Vi har allereie 102 «følgere» etter 14 dager på lufta. Spjelkavik Rotaryklubb har mellom 300 og 400 etter halvanna år. Dersom vi forsetter å få «følgere» i same takt som no, så vil vi ha over 15000. Vi blei alle invitert til å «Like sida» og «Invitere venner».

Så var det tid for Rotarykaffi med veldig gode sveler.

 

Speiderne Erik, Even og Karl Johan rigga seg til med Laptop og framviser  i mellomtida. Dei presenterte seg, og alle hadde vore speidere i 10 år. Altså skikkelige veteraner.

Presentasjonen starta i Ålesund, der dei entra ei seilskute med reisemål Bodø og Landsleiren der. Då hadde båten vore underveis frå Stavanger. Seilturen til Bodø tok i alt 8 dager. Totalt varte den 14 dager frå Stavanger. Sykkylving, Arne Vik var med som kaptein. Foruten våre 3 speidere, var 2 Ålesundsspeidere med .

På vegen til Bodø var dei innom Finnøya og Hitra. Jonsok aften tilbrakte dei på Halten Fyr. Så var det havseilas til Rørvik. Her var det til dels store bølger, slik at enkelte blei sjøsjuke. Etter Rørvik, var det Brønnøysund og besøk til Torghatten som stod for tur. Karl Johan nevnte at skipper Arne Vik er ein aldeles utmerket kokk. Dei fekk bl.a. servert ei aldeles smakfull kvalbiffgryte.

Då dei passerte polarsirkelen var det såkalla «Vikingdåp». Kva denne gå ut på, ville ikkje gutta røpe, anna enn at det var ein kald fornøyelse. Det blei også tatt bilde då dei stod i «Jordkloden» under polarsirkelen.

Siste etappe gjekk til Bodø. Sjøl om det hadde vore ein aldeles flott seilas, var visst 8 døgn på sjøen nok.

Det blei vist dronebilder over Landsleiren, og referent blei veldig imponert over størrelsen på denne. Eit enormt stort område med masse telt og i alt 8000 speidere. Dei mest langveisfarende kom heilt frå Australia. Arrangøren hadde gjort seg mykje føre med spetakulære arrangement som jagerfly i lav høgde og oppvisning av Sea King helikopter.

Det var i alt 40 speidere frå Sykkylven. Dei bygde eit klatretårn. Dette blei flott, men så vidt referent forstår, hadde dei litt vansker under oppførelsen.

I pressa var det fokusert på at ein 24 timers haiketur hadde blitt vel utfordrende for enkelte. Dette var visst utenlandske speidere som ikkje hadde den heilt store kunnskapen i å kle seg etter norsk verforhold. Sykkylvsspeiderne hadde litt mindre ambisjoner, og turen var visst både avslappende og behagelig.

Veret var bra med solskinn første og siste dagen av leiren. I mellom dette var det meir eller mindre regn.

Likevel forstod referent at han kunn avslutte referatet frå Landsleiren slik vi avslutta stilskriving i barndommen: «Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur».

 

President Bastian takka for det flotte foredraget og presentasjonen. Så minte han om neste møte, onsdag 30. august. Då får vi besøk frå Stranda, Harald Kjølås. Han vil halde eit foredrag der mange av oss sikkert vil kjenne seg igjen: «Sunnmøringen på godt og vondt».

Så takka Presidenten for oppmøtet og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 



 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS